Hopp til innhold

Vil ha fire AMK-sentralar som i dag

AMK-sentralen blir kanskje ikkje sentralisert likevel. I dag tidleg sa justisdepartementet at dei ønskjer å slå saman AMK med brann- og politisentralane. For Sogn og Fjordane kan det bety at alt hamnar Bergen.

AMK-sentralen i Helse Førde

IKKJE FLYTTING: AMK-sentralen til Helse Førde blir truleg ikkje samlokalisert med politiet likevel.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi ser heilt klart fordelen med å vere lokale og tett på. Det er i alle fall argument som må takast med i vurdering som skal gjerast politisk, seier Helge Robert Midtbø som er direktør for kirurgisk avdeling i Helse Førde

Midtbø har så vidt fått høyre om dei nye tankane om å flytte sentralane.

Samlokalisering

For i justisdepartementet er det eit mål i seg sjølv å samle AMK-sentralen med brann- og politi. Det kan bety at alt blir flytta til Bergen.

Hans J. Røsjorde

VIL SAMLE AMK-SENTRALANE: Hans J. Røsjorde (Frp) er statssekretær i justisdepartementet.

Foto: Eirik Hildal

– Poenget er at ein ynskjer i størst mogleg grad å få til ei samlokalisering, for på den måten å få størst mogleg effekt ut av større einingar, seier statssekretær Hans J. Røsjorde for Frp i justisdepartementet.

I avtalen mellom Venstre og regjeringspartia om politireform står det:

"Brann- og redningsetatens nødmeldesentraler skal samlokaliseres med politiets operasjonssentraler. De nye sentralane skal klargjøres slik at Helsevesenets AMK-sentraler også kan plasseres på samme sted. "

Ingen tvang

Tysdag ettermiddag kjem det ein slags kontrabeskjed frå helsedepartementet. Statssekretær Anne Grethe Erlandsen for Høgre seier det er frivillig å slå seg saman.

– Her er det ingen tvang. Det som er viktig er at nokre stader har dei prøvd ut dette og har gode erfaringar, men det vil vere avhengig av lokale forhold og det må vi ha respekt for

Det er Helsedirektoratet som skal greie ut det. Og til slutt er det dei regionale helseføretaka saman med lokal brann- og politileiing og lokale styresmakter som skal avgjere om dei vil samle seg.

Regjeringa kjem med ulike signal om framtida til dei akuttmedisinske naudsentralane. 
I dag tidleg sa justisdepartmentet at dei ønskjer ei samanslåing med brann- og politisentralene. 
Men i ettermiddag kom kontrabeskjed.

Virtuelle AMK-sentralar

I Helse Vest er det ingen planar å sentralisere AMK-sentralane.

Herlof Nilssen

HIGH TECH: Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen vil ha virtuelle AMK sentralar.

– Vi meiner vi har best nytte av å ha AMK-sentralane i dei fire helseføretaka våre. Det vil seie i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde, seier Herlof Nilsen som er administrerande direktør i Helse Vest.

Han seier dei no jobbar med ei virtuell løysing som gjer at dei kan fire AMK-sentralar som i dag, men som ved behov kan koplast saman til ein via dataliner.

– Dermed får vi effekten av å ha ein stor sentral, samstundes som vi beheld fire lokale AMK-sentralar med god lokalkunnskap.