Hopp til innhold

Vil ha ferjefri veg til fødetilbod

Varaordførar Magne Løvoll i Vanylven meiner ytre Nordfjord må få ferjefri ambulanseveg til Volda sjukehus.

Magne Løvoll, saman med Håkon Seim og Marisol Eliassen

VIL HA FERJEFRI VEG: Varaordførar Magne Løvoll i Vanylven vil ha ferjefri veg til sjukehus for fødande i ytre Nordfjord. Han får støtte frå Håkon Seim og Marisol Eliassen i Måløy.

Foto: Knut Arne Aarset

Etter at Regjeringa bestemte seg for å gjere fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus om til fødestove, må storparten av fødande i Nordfjord no reise til sjukehus anten i Volda eller Førde.

- Bygg bru og tunnel

I verste fall kan dette bety fleire timar i ambulanse, og Løvoll meiner Vanylven og ytre Nordfjord no må få vegsamband til søre Sunnmøre.

- Løysinga er å byggje Rovdefjordbrua og tunnel under Drageskaret til Gursken. Ambulansen frå Måløy vil då bruke rundt fem kvarter til sjukehuset i Volda, seier Løvoll til smp.no.

Positive til ferjefritt samband

Håkon Seim (26) og Marisol Eliassen (23) frå Måløy ønskjer å stifte familie, og er blant dei som kan nyte godt av eit eventuelt vegsamband.

- Nedlegginga på Eid var vanvittig. Men når det likevel skjer, kan eit ferjefritt samband her vere svært positivt for fødande i ytre Nordfjord, seier Seim til smp.no.