NRK Meny
Normal

Vil ha felles legeregister i Norden

Det er i dag ingen moglegheiter for å kontrollere om legar som kryssar landegrensene har reint rulleblad. – Det er å spele russisk rulett med tryggleiken til pasientane, meiner Sonja Mandt i Nordisk Råd.

Sonja Mandt

LEGEREGISTER: Sonja Mandt i Nordisk Råd vil ha felles nordisk legeregister.

Foto: Montasje: John-André Samuelsen, Eirill Wiik, SCANPIX / NRK

Saman med Nordisk Råd har stortingspolitikaren frå Arbeidarpartiet fremja forslag om eit felles nordisk register over helsepersonell, fleire gonger. Dei har kome med framlegget fem gonger, men helseministrane i dei nordiske landa har sagt nei like mange gonger, skriv Danmarks Radio.

– Vi ønsker å setje ein stoppar for at helsepersonell reiser over grensene med merknader på sin autorisasjon, seier Mandt.

Støtte frå fylkeslegen

Ho får støtte av fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jacob Andersen. Fylket har fleire gonger opplevd at legar får sparken etter å ha handla uprofesjonelt på ulike måtar. Dei siste åra har fleire danske legevikarar fått sterk kritikk for jobben dei har gjort ved Nordfjord legevakt.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

FELLES ARBEIDSMARKNAD: Jacob Andersen er fylkeslege i Sogn og Fjordane.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– I dag er det slik at heile Norden fungerer som ein felles arbeidsmarknad for helsepersonell, og det er difor behov for ein større kontroll med helsepersonellet som arbeider på tvers av landegrensene, seier Andersen.

Han seier det sjølvsagt er spørsmål om kva type opplysningar som skal vere i eit slikt register, kor alvorleg handlingane skal vere før dei hamnar der, og ikkje minst kven som skal ha tilgang.

– Samstundes som eit register vil vere til stort hjelp også for arbeidsgjevarar, kan det godt vere at det berre skulle vore tilgjengeleg for tilsynsmyndigheiter, seier fylkeslegen.

Betre ordning

Andersen meiner det er viktig å få på plass ei betre ordning. Blant anna meiner han at det vil redusere behandlingstid på saker og gjere at ein lettare oppdagar legar som ikkje burde få praktisere.

Ifølgje Mandt stoppar saka opp hos Nordisk ministerråd, eit råd der ministrane i dei nordiske landa samarbeider for å finne felles løysingar.

– Eg synest det er veldig svakt av ministerrådet at dei ikkje tek saka vidare, men heller seier at vi har gode nok løysingar i dag, når vi ser at det gong på gong dukkar opp nye episodar med overgrep eller feilbehandling av pasientar, seier ho.

NRK har vore i kontakt med Helsedpartementet, men ingen der hadde tysdag mogleheit til å kommentere saka.

Russisk rulett

Nordisk råd har bede om forklaring på kvifor saka ikkje blir teke vidare, men ikkje fått noko tilfredsstillande svar. Å ikkje opprette eit slikt register er å spele russisk rulett med tryggleiken til pasientane, meiner ho.

– Vi har legar som har hatt store pasienterstatningsskader mot seg, men som har heldt fram si verksemd i eit anna land. Autorisasjon er ein ting, men det finnast også andre merknader som er like alvorlege, som går på blant anna rus og andre type overgrep.

Både Mandt og fylkeslege Jacob Andersen er bevisste på at ein bør tenke på personvern. Mandt meiner ein fint kan ha eit register og likevel sørge for å ta vare på personvernet.

– Det er i dag mange moglegheiter i dag for å kunne avgrense tilgangen. Det er klart vi må ta vare på personvernet.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote