Hopp til innhold

Vil ha felles heiskort for heile fylket

Dersom forslaget frå Fylkeskommunen og Skikrinsen blir godt motteke på dagens anleggskonferanse, kan du snart bruke eitt og same skikort i alle anlegg i Sogn og Fjordane.

Kø i Jølster skisenter

FULLT: Fylkeskommunen håpar at eit felles skikort kan dra fleire folk til bakkane i fylket.

Foto: Øystein Skovro / NRK

– Eg ville heilt klart kjøpt eit slikt kort.

Det seier Even Hole, dagleg leiar i Jølster Skisenter og tidlegare toppalpinist om forslaget som i dag skal diskuterast på anleggskonferansen i Skei. Det er rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede, som saman med administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins som i dag skal tale eit slikt fellesskort si sak.

– Tanken er at vi får til eit samarbeid der skisentera kan ha eit felles heiskortsystem, seier Skrede.

Atle Skrede i fylkeskommunen

VIL HA FELLESKORT: Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Han trur det vil føre med seg mykje positivt.

– Vi ønskjer å få fleire i aktivitet i skisentera, der ein gjerne tar i bruk ulike senter i fylket. Det vil sei at ein kan reise frå Sunnfjord til enten Sogn eller Nordfjord, og sånn sett bruke andre bakkar enn dei ein vanlegvis er i.

Blanda mottaking

På Harpefossen skisenter i Nordfjordeid har dei allereie eit liknande samarbeid med andre skisenter i området, og i Møre og Romsdal. Dagleg leiar Stein Bjørhovde seier at han lenge har ønskt seg eit felleskort for heile fylket.

– Vi er positive til tiltak som vil bidra til at fleire står på ski. I Sogn og Fjordane har vi mange små skisenter. Dersom vi får eit felleskort for alle dei, vil det kunne vere eit attraktivt tilbod for turistar.

Men ikkje alle anleggsleiarane jublar over forslaget. Ved Sogn Skisenter i Hafslo er dei litt meir avventande. Dagleg leiar Tor Bremer trur ikkje folk flest saknar eit slikt kort.

Tor Bremer

SKEPTISK: Tor Bremer ved Sogn Skisenter trur ikkje folk saknar eit felleskort.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg trur ikkje det er så mange av våre gjestar som ønskjer å dra til Nordfjord og Sunnfjord for å stå på ski, sjølv om dei kan ha fine tilbod der også. For 90 prosent av brukarane våre trur eg at eit felleskort er uaktuelt, seier leiaren.

– Kjempetilbod for dei aktive

Even Hole i Jølster har trur derimot at det er ei gruppe skiløparar som vil tene mykje på forslaget, nemleg dei mest aktive skiløparane.

– For dei som ønskjer å nå langt innan alpint vil det vere økonomisk besparande å ha eitt kort som dei kan bruke i alle bakkar. Då kan dei trene forskjellige stader, utan at dei treng å betale ekstremt mykje for ein allereie dyr idrett.

Even Hole

POSITIV: Even Hole trur eit felles heiskort vil ha mykje å sei for alpinsporten i fylket.

Foto: Heidi LIse Bakke / NRK

Og Bremer i Sogn Skisenter fortel at han ikkje seier blankt nei til tanken.

– Vi er opne for innspel, og lyttar med stor interesse til debatten. Om det kjem fram at det er noko i forslaget, så skal ikkje vi vere ein brems, seier Bremer.

Eit felleskort krev nye system, som knytt anlegga saman. Forslaget skal no debatterast i skikrinsen. Dersom dei går for løysinga, vil det truleg vere mogleg å kjøpe eit felleskort frå 1. januar, 2018.