Hopp til innhold

Vil ha E-sport på vidaregåande

E-sport som toppidrettsfag kan få spesielt fleire gutar til å fullføre den vidaregåande skulen. Det trur fylkesleiar i Unge Høgre, Vebjørn Leite Olsen. Sporten er i større grad akseptert og teken inn i meir tradisjonelle idrettslag. No føreslår Unge Høgre ei slik linje i Førde. – Det er ei ny tid og nye ting må testast ut for ungdom, seier han. Arna vidaregåande skule i Hordaland har allereie ei slik linje. Her blir elevane trente til å leve som toppidrettsutøvarar, med fokus på kosthald, søvn, disiplin, konsentrasjon og fysisk aktivitet. – Ein ser at ungdomen blomstrar, og at elevane i framtida kan bruke det dei lærer i næringslivet, spesielt innan design eller automasjon, seier Olsen.

Vebjørn Leite Olsen
Foto: Oddleif Løset / NRK