Hopp til innhold

Vil ha drift i Sløvåg i år

Alexela vil ha drift ved oljeterminalen i Sløvåg i løpet av året.

Alexela i Sløvåg i Gulen
Foto: Steinar Lote / NRK

Sidan det estiske selskapet tok over tankanlegget i Gulen etter eksplosjonen i 2007, har planen vore å bygge eit mellomlager for petroleumsprodukt, skriv Bergens Tidende.

Den nye oljeterminalen skal kunne ta i mot 2,5 millionar tonn i petroleumsprodukt i året. Alexela har søkt Direktoratet for Samfunnstryggleik og sikkerheit om driftsløyve, og i påska sende dei også ein søknad til SFT.