NRK Meny
Normal

Vil ha distriktsopprør mot regjeringa

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum håpar fleire fylke vil slå følgje med finnmarkingane i opprøret mot tvangssentraliseringa som han hevdar regjeringa driv med.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) møtte til debatt tirsdag i Stortinge om redegjørelse om forvaltningen av ulv.

KREV POLITISKE GREP: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil at regjeringa stoppar samanslåingar som fører til sentralisering av arbeidsplassar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Regjeringa sentraliserer no på alle område. Det gjeld både innanfor politiet, NAV, skatteetaten og høgskulesektoren. Då er det ikkje så rart at arbeidsplassane forsvinn frå dei minste stadane. Og det vi ser i Finnmark er eit distriktsopprør, og eg håpar fleire no seier ifrå om at det er nok sentralisering, seier Slagsvold Vedum.

I Finnmark er ei folkerøysting om samanslåing med Troms like rundt hjørnet etter sterke protestar mot vedtaket i Stortinget om å slå saman dei to fylka.

– Lovnader med null innhald

Og misnøya er ikkje mindre lenger sør i landet. I Vågsøy manar varaordføraren til eit tverrpolitisk distriktsopprør.

– Dei lovnadane som er gitt i hytt og pine har null innhald. Det som er realitetane er at distrikta vert tappa for arbeidsplassar, seier Nils Myklebust (Sp), varaordførar i Vågsøy.

Kraftsalvene frå dei to Senterparti-politikarane kjem etter at Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) fredag tok eit kraftig oppgjer med regjeringa si utflytting av statlege arbeidsplassar.

– Alt fint prat frå regjeringa om utflytting av statlege arbeidsplassar er eigentleg tomprat, meiner Bjørlo.

2400 fleire arbeidsplassar i storbyane

Venstre-ordføraren meiner kommunar er blitt lokka til å slå seg saman med lovnader om at dei skulle få nye arbeidsplassar, utan at det har skjedd.

Han viser til statistikk som fortel at det siste året har blitt 2400 statlege arbeidsplassar i dei fire største byane medan talet er redusert i distrikta. Verst stilt i Sogn og Fjordane er Flora som har mista 50 statlege arbeidsplassar.

– Tappa i lang tid

Myklebust vedgår at regjeringane der hans eige parti har vore med heller ikkje har gjort jobben sin.

– Vi har blitt tappa for funksjonar i lang tid. Det er sentralisering heile vegen. Slagordet om å ta heile landet i brukt er ikkje noko staten følgjer. I staden tappar dei distrikta til fordel for dei store byane.

– Har stilt ministeren spørsmål

Slagsvold Vedum har no sendt eit spørsmål til kommunalminister Monica Mæland (H) der han ber ho leggje fram ein oversikt over talet på statlege arbeidsplassar og kvar desse er i landet.

– Hovudproblemet er om at vi til dømes ser på politireforma, som vart kalla ei nærpolitireform, så er det sentralisering av arbeidsplassar. Det rammar Sogn og Fjordane veldig hardt, der arbeidsplassar har blitt flytta til Bergen.

– Det er jo summen av kvar enkelt reform som regjeringa har gjennomført, som alle har hatt sentralisering som fellesnemnar, som verkeleg gjer at dei store byane vinn, medan distrikta tapar. Difor vert andre enkelt-utflyttingar av arbeidsplassar, som i seg sjølv er viktige nok, meir symbolsk enn dei store strukturendringane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune