NRK Meny

Vil ha delvis utbetring av tunnel

Fylkesrådmannen rår fylkespolitikarane til å utbetre Høyangertunnelen for 170 millionar kroner. Det tilrådde framlegget vil sette tunnelen i slik stand at ein held seg innanfor tunnelforskrifta. Fylkesrådmannen ser at full rehabilitering er den beste løysinga, men kan ikkje gå inn for dette på grunn av fylkeskommunen si stramme økonomiske ramme.