NRK Meny
Normal

Fryktar reiselivet forvitrar – hotella vil ha cruiseturistane på land

Medan turistane seglar forbi bygdene på store cruiseskip, forvitrar reiselivet på land. Det meiner direktørane ved to av dei viktigaste hotella i fylket.

Tre cruisebåtar i Flåm

MANGE REISER TIL VESTLANDET PÅ CRUISE: Hotelldirektørar ønskjer at mange av dei som vel cruiseferie i staden vel ein rundtur på land.

Foto: Jan Christian Jerving

Richard Grov

TRUR MANGE VIL SLITE: Direktør Richard Grov Hotel Alexandra er oppteken av at også landbasert reiseliv skal ha ei framtid.

Foto: privat

Talet utanlandsturistar på land går ned, samstundes som cruisepassasjerane blir stadig fleire. Ved Hotel Alexandra i Loen fryktar direktør Richard Grov færre lokale arbeidsplassar

– Vi har eit reiseliv på Vestlandet som slit. Det har vore ein nedgang over mange år på turistar til landet. Vi har hatt ein stor auke på cruise den seinare tid, men vi er opptekne av at også landbasert reiseliv skal ha ei framtid, seier han.

Vel heller flytande hotell

Femte generasjon Grov førebur Hotel Alexandra i Loen på ein ny turistsesong. Hotellet er ein spydspiss i reiselivet i Nordfjord, og har i årevis tent gode pengar. Men samstundes ser Grov at trendane går i mot dei store familieeigde hotella her i fylket, og at andre delar av reiselivet strevar.

Utanlandstrafikken går ned. Dei reisande vel heller flytande hotell i form av svære cruiseskip, på overnattingssida er det kjedehotella i byane som veks, ikkje familiehotella på bygda.

Meiner cruisesatsinga er eit paradoks

Balejazz

ØNSKJER FLEIRE PÅ LAND: Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell kan kvar år sjå alle cruiseskipa som seglar forbi.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.no)

Ved Kviknes Hotel i Balestrand kan Sigurd Kvikne kvar sommar sjå hundretusenvis av turistar segle rett forbi hotellet.

– Det siglar 250.000 passasjerar forbi her om sommaren. Hadde halvparten vore på rundtur på Vestlandet, snakkar vi om over ein halv millionar gjestedøgn, seier han.

Kvikne meiner cruisesatsinga i Sogn og Fjordane er eit paradoks. Både kommunar og det offentlege virkemidellapparataet ynskjer i stor skala å finansiere fleire cruisekaier i fylket.

– Den einsidige satsing mot cruise er tankelaus. Kor stor berekraft og kor mange heilårs arbeidsplassar gir dette her. Det er hotell og pensjonat som kan skape arbeidsplassar gjennom heile året. Det uforløyste potensialet som ligg der, tykkjer eg heller vi skulle satse på, seier Kvikne.

Stor forskjell på by og land

Jan Heggheim

VIL PRIORITERE ANNLEIS: Fylkesdirektør for næring Jan Heggheim seier det no er stor forskjell på by og land.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Og hotellsjefane får støtte av Jan Heggheim som er fylkesdirektør for næring. Han understrekar at også cruisetrafikken skapar arbeidsplassar, men meiner ein no bør prioritere annleis.

– Eg meiner vi skal bruka tida og ressursane våre på den delen av reiselivet som kan stå for størst verdiskaping. For nasjonen er det utan tvil den landbaserte, men så må eg seie at det er nokre verdikjeder som gjer det godt på cruise.

– Har vi eit reiseliv på Vestlandet som slit?

– Vi har eit reiseliv som i sum utviklar seg godt, men dessverre er det slik at det eit aukande sprik mellom by og land. Byane veks godt medan distrikta har vanskeleg for å vekse. Det gjeld både inntekter og belegg. Det er ei utvikling vi har sett ei stund og som vi ikkje likar.

Vil stoppe forfall

Tilbake i Loen har Richard Grov sitt svar på utfordringa. I går fortalde han på Vestlandsrevyen om planane for ei gedigen gondolbane til 160 millionar kroner som skal byggast saman med andre private investorar. Grov meiner reiselivet på land må investere. Alternativet er stagnasjon og forfall.

– Utan satsing trur eg at reiselivet forvitrar og vi endar opp med dårleg vedlikehaldne bygg. Dei er ikkje salbare og då har eg sett mange døme på at det går ein veg, og det er borte vekk, seier han.

Created by InfoDispatcher

STORE PLANAR: Hotelldirektør Richard Grov syner planane for gondolbane i Loen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast