Hopp til innhold

Vil ha bøndene til bords att

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) skulle helst sett at staten og bondeorganisasjonen sette seg ned att ved forhandlingsbordet for å bli einige i årets jordbruksoppgjer. Tysdag vart det brot i forhandlingane, etter at bøndene nekta godta staten sitt tilbod. – Vi slit med å sjå at det skal vere nødvendig med eit så høgt konfliktnivå. Vi håpar dei kan setje seg ned att, og bli samde om ein avtale. Det er den beste måten å vidareføre jordbruksforhandlingane som institusjon, seier Venstre-politikaren. Bønder over heile landet har i dag starta med aksjonar for å vise si misnøye med regjeringa.

Sveinung Rotevatn
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix