NRK Meny
Normal

Vil ha billegare reiser i distrikta

Forskar meiner hyggeturar til Barcelona og Paris må skattast hardare – medan distrikta må sleppe flyseteavgifta.

Forskar vil ha dyrare luksusreiser

DYRARE LUKSUS, BILLEGARE I DISTRIKTA: Forskar Carlo Aall meiner flyreiser i distrikta bør bli skåna for den føreslåtte flyseteavgifta, medan hyggeturar til utlandet bør straffast hardare.

Foto: Vestlandsforsking, Paul Kleiven/NTB scanpix / Montasje

Stortingsfleirtalet vil legge på ei avgift på 80 kroner på alle flybillettar, men Carlo Aall ved Vestlandsforsking meiner klimaeffekten blir minimal og vil heller ha høgare skatt på unødvendige langturar og droppe avgifta på korte innlandsreiser.

– Det er eit misforhold, viss dei som reiser med dei minst forureinande flya, fulle propellfly til Oslo, skal betale det same som dei som reiser med langdistanse jetfly til utlandet, som beviseleg forureinar mykje meir, seier Carlo Aall.

– Vi betalar vår del

Ein flybillett tur-retur mellom Oslo og Sogn og Fjordane kostar fort mellom tre og fire tusen kroner. No kan dei bli 160 kroner dyrare på grunn av flyseteavgifta på 80 kroner som stortingsfleirtalet vil innføre.

Carlo Aall meiner avgifta burde ha blitt fordelt slik at det er lite naudsynte turar til utlandet som hadde fått ho, og ikkje kommersielle flyruter i distrikta.

– Vi betalar vår del, medan folk som bur i Oslo eller nær Moss, kan reise for ein hundrings tur/retur, seier Aall.

Reiser du med flyruter på kortbanenettet, som staten har kjøpt på anbod, så slepp du flyseteavgifta. Men regjeringa gjorde ved førre utlysing fleire av flyplassane på kortbanenettet opne for fri konkurranse, som til dømes Florø og Ørsta/Volda. Aall meiner avgifta vil ha liten klimaeffekt så lenge næringslivet i distrikta ikkje har noko anna val enn fly til dei største byane i landet.

Talet flyreiser har auka med tusen prosent

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre er samd med Aall i at ein ideelt sett burde ha hatt ulik avgift på ulike typar flyreiser.

Venstres Sveinung Rotevatn.

SAMD: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er delvis samd med forskar Carlo Aall, men meiner likevel flyseteavgifta verkar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det er eit mål at vi skal kome dit, men vi har enno ikkje fått regjeringa med på det. Når det er sagt, så er dei som har ropt høgast etter at vi føreslo å innføre avgifta nettopp Ryanair, som har kjempebillige turar til sydendestinasjonar. Så nokon av dei vi ønskte å treffe, har vi openbert greidd å treffe, seier han.

Carlo Aall meiner ei kraftig auke av flyavgiftene på lengre utanlandsreiser hadde vore god medisin for klimaet. 85 kroner for alle flyreiser trur han derimot vil ha liten klimaeffekt.

– På det nivået vi her snakkar, på nivå med ein lit dyr halvliter, så trur eg diverre at det ikkje vil føre til så mykje. I eit klimaperspektiv er det openbert at nordmenn reiser altfor mykje med fly. Talet flyreiser har auka med tusen prosent dei siste tjuefem åra, der andre transportformer har auka med hundre prosent. Og prisane på fly har falle dramatisk, seier Aall.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast