Hopp til innhold

Lastebilføraren vil ha betre vegar i staden for ferjefri E39

FØRDE–LAVIK (NRK): Yrkessjåførar og lastebileigarar meiner pengane tiltenkt ferjefri E39 heller bør brukast der ulykkene skjer.

Håvard Nesje

IKKJE OPPTATT AV BRU: Håvard Nesje har E39 som arbeidsplass. Han meiner fleire ferjeavgangar er ei betre løysning visst ein kan bruke pengane tiltenkt ferjefri E39 til å betre vegane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg køyrer med fem centimeter klaring når eg møter bilar her, då ligg hjulsettet heilt nede i grastustane, seier lastebilsjåfør Håvard Nesje.

Han sit i eit blått vogntog på veg frå Stryn til Bergen. NRK er med på turen mellom Førde og Lavik, som byr på fleire smale vegparti.

Nyleg blussa debatten om E39 opp att då Statens vegvesen gjekk ut og sa at ein burde revurdere om vegen skal bli heilt ferjefri.

Politikarar i SV og Venstre var raskt ute og lufta idear om heller å bruke pengane på meir miljøvenlege ferjer.

«Det er aldri for seint å snu», sa SV sin nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til VG.

«Vi kan rydde opp i dei forferdeleg dårlege vegane, og samstundes gjere Noreg verdsleiande innan grøn skipsfart», sa statssekretær i klimadepartementet, Atle Hamar (V).

Lastebilsjåfør Håvard Nesje tenkjer på same vis.

– Har du batteriferjer som er miljøvenlege og ferjeavgangar kvart tjuande minutt, så meiner eg at pengane bør brukast på vegane til og frå ferjene, seier han, og legg til:

– For det er på vegane ulykkene skjer.

Ein lastebil frå Tenden på tur langs E39

SMALE KÅR: Det går seint fleire stadar langs E39 for yrkessjåføren frå Stryn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Redd pengane forsvinn til Austlandet

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet, derimot, vil ha både i pose og sekk.

– Vestlandet skapar mest verdiar i landet. Derfor bør vi ikkje stå med lua i handa, men krevje både betre vegar og bruer over fjordane, seier Djuvik.

I pausen under det første fylkestinget i Vestland oppmoda han politikarane i det nye fylket til å verne om vegprosjektet.

– Diskusjonen om å vrake ferjefri E39 er veldig farleg, seier han.

Han viser til at det å vrake ferjeavløysingsprosjektet ikkje nødvendigvis førar til meir pengar til vegar på Vestlandet – men i staden kan gagne dei som vil bruke pengane på motorvegar og tog på Austlandet.

.

Frank Willy Djuvik

ÅTVARAR: Frank Willy Djuvik meiner diskusjonen om ferjefri E39 kan føre til at Vestlandet får mindre pengar til samferdsel.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Lastebileigarforbundet vil utsette prosjektet

Mørket senkar seg langs Sognefjorden medan det blå vogntoget dreg lasset sitt forbi Vadheim og mot Lavik. Her er vegstrekket på sitt smalaste.

– Eit av dei skumlaste partia er mellom Førde og Bergen, seier Nesje.

Lastebileigarforbundet og Yrkestrafikkforbundet er begge einige med han i at ein bør prioritere veg over bru.

– Det hjelp ikkje med flotte bruer når vegane imellom er rasfarlege, smale og trafikkfarlege, seier Geir A. Mo.

Han er administrerande direktør i Lastebileigarforbundet. Han tek til orde for å utsette ferjeavløysinga på E39 «éin generasjon eller to».

– Vi ønskjer i første rekkje å prioritere eit betre ferjetilbod, òg om natta, og breiare veg. Det vil gje oss eit vegnett på Vestlendingane som vi kan leve med, seier Mo.

Håvard Nesje nyter ei saftig svele på ferga.

GODT FOR HELSA: Håvard Nesje et kveldsmat på ferja. Yrkestrafikkforbundet meiner desse pausane gjev sjåførane deira tid til å stresse ned og strekke på beina.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Pausen på ferja aukar trafikksikkerheita

Det blå vogntoget rullar over rampen og inn på ferja mellom Lavik og Oppedal.

Ferjene er som flytande vegkroer for yrkessjåførane. Her får dei og obligatorisk kviletid.

– På lengre sikt ønskjer vi oss kanskje bruer, men ein må ikkje gløyme at pausen på ferja er viktig både for sjåføren sin helse og trafikksikkerheita, seier Jim Klungnes, som er forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet.

Nesje tek turen inn i kiosken, slår av ein prat og handlar seg kveldsmat.

– Hadde det vore bru, måtte eg uansett ha stoppa langs vegen for å kvile, seier han, og skyl ned ein stor bit svele med ein slurk cola.