Hopp til innhold

Betre lys ved gangfelt vil føre til færre ulukker, trur bussjåførar

Bussjåførar meiner det betre lys ved fotgjengarovergangar kan hindre ulukker i haustmørkeret.

Fotgjenger

MØRKT: Gangfelt bør bli betre opplyste, for det kan hindre ulukker, meiner fleire bussjåførar. ILLUSTRASJON

Foto: Schgaguler, Roland / SCANPIX

– Med svart asfalt og dårleg opplysing, så er det ei utfordring å legge merke til alt. Spesielt ved overgangar der det er mykje folk, seier Kurt Magne Neset, som er bussjåfør og tillitsvald i Sogndal.

Han er ein av fleire som har vegen som arbeidsplass, som er kritisk til at spesielt fotgjengarovergangane rundt om i fylket er dårleg opplyste.

– Berre i Sogndal sentrum så er det tre-fire overgangar, og det er dårleg med lys, seier Neset.

Mangelfull refleksbruk hjå folk flest

Han får støtte av Inge Johan Kirketeig, som er bussjåfør og tillitsvald i Sunnfjord. Han seier det er spesielt viktig å få på plass god opplysing langs vegane når folk ofte slurvar med refleksbruken.

– Gløymer vi oss eitt sekund, så er der folk ute i vegen. Eg køyrer sjølv Angedalsvegen, og der er det ikkje lys på nokon pålar, og ved overgangsfelta må ei vere på vakt.

Inge Johan Kirketeig

REFLEKS: – Folk slurvar med refleksbruken, difor er lyssetting langs vegane endå viktigare, meiner bussjåfør Inge Johan Kirketeig.

Foto: Silje Guddal / nrk

Han seier han oppmodar sine passasjerar til å bruke refleks når dei er ute og går, men få ser ut til å ta til seg orda frå den røynde bussjåføren.

– Det er heilt ut å bruke refleks. Nokre få er ute og trimmar og spring langs vegen med refleksvest, men elles er det utruleg sjeldan ein ser det i bruk, seier Kirketeig.

Trur meir lys kan hindre ulukker

Når folk flest ser ut til å droppe refleksen, og bry seg lite om haldningskampanjar som oppmodar om å ta refleksen fram i haustmørkeret, så understrekar det behovet for betre lys langs vegane. Det meiner forman i Yrkestrafikkforbundet i Sogndal.

– Betre belysing gjev betre oversikt, og minkar sjansane for ulukker. Det er ein klar samanheng, seier Einar Flåten.

Bussjåførane har eit ansvar for å vere ekstra på vakt når dei ferdast langs vegane, men samstundes er Kirketeig klar på at meir kan gjerast frå statleg side.

– Styresmaktene må ha lys der det er oppsett og skal vere. Det er veldig viktig, seier Kirketeig.

Har intensivbelysning

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier at både Gravesteinsgata i Sogndal og Angedalsvegen i Førde har relativt nye veglysanlegg i tillegg til intensivbelysning av gangfelta.

– I Angedalsvegen har mange av gangfelta intensivbelysning og i Gravensteinsagata har dei det mellom Sogningen storsenter og sentrum.

Statens vegvesen opplyser at dei byggjer om mange gangfelt i året, og at lyssetting er eitt av tiltaka som blir vurdert når dei er på inspeksjonar. Difor er oppmodinga frå Slinde klar.

– Det er særs mange gangfelt i fylket, så det tek tid før vi kjem innom alle, så fotgjengarar må kle seg slik at det er mogleg for bilistane å sjå dei, seier Slinde.