Hopp til innhold

Nordfjord havn fastheld krav om betaling for bussar

Nordfjord Havn held fast på å krevje betaling for bussar som fraktar cruisepassasjerar i Olden. Turistnæringa er opprørt over kravet.

Nordfjord Havn

DROPPAR REISEMÅL: Reiselivsnæringa fryktar at cruisenæringa vil velje andre reisemål som følgje av nok eit gebyr.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Havnedirektør Trond Garshol seier dei vil gå i dialog med aktørane og at dei vil vurdere kva tid innkrevjinga skal ta til.

– Vi vil gå i dialog med brukarane for å sjå om vi skal utsette det, eller om vi kan komme fram til ei minneleg løysing. Også det kan gjelde alle brukarar slik at det ikkje blir skeivt.

I går hadde styret i Nordfjord havn møte der dei held fast på å krevje betaling for bussar som fraktar cruisepassasjerar i Olden. Vedtaket om eit parkeringsgebyr på 400 kroner vart drøfta på nytt under styremøtet i går.

Ingen snuoperasjon

Vedtaket har møtt sterk motstand, særleg frå Geiranger og Nordfjord Cruise Handling.

Styremøtet i går heldt fast på at dei vil og har rett til å krevje betalt. Men dei opnar for å utsetje innkrevjinga eitt år, samstundes innser dei at parkeringsgebyret truleg bør gjelde alle buss-selskap. Ikkje berre dei med fleire enn 10 000 passasjerar i året, slik først tenkt.

– Vi har utgifter på området og vi må ha ei viss brukarbetaling, seier Garshol.

Er det mogeleg å sjå på nivået på betalingsgebyret eller vil det stå fast?

– Også nivået. Viss vi tar alle brukarane så vil også nivået bli vurdert att.

– Kundane må betale

Om alle selskap må betale parkeringsgebyret vil det omfatte også Firda Billag Buss. For trafikkansvarleg i selskapet, Tore Masdal, er dette overraskande.

– For 2015 er dette eit gebyr vi ikkje har innarbeidd i våre prisar, så det vil vere veldig alvorleg for oss.

Masdal seier det er kundane som må betale eit eventuelt gebyr.

– Det igjen vil auke prisen på desse cruisa og då vil kanskje cruisebåtane velje andre hamnar. Dermed kan vi tape marknadsandelar og kanskje heile regionen vil komme tapande ut av dette.

Ikkje fornøgd

Geiranger og Nordfjord Cruise Handling er ikkje roa av Nordfjord Havn vil diskutere saka med dei, seier dagleg leiar Bjørg Næss.

– Så lenge vedtaket står ved lag så føler ikkje eg at det er noko handsrekning.

Men er det ikkje rett at dei som legg til rette for turismen også tar seg betalt for det?

– Nei, eg synest at konsekvensen av å ha ei kai også er at der er bussoppstillingsplass.