Hopp til innhold

Nektar å skubbe ungane foran i E39-saka

– Eg vart sint. For ungar skal ikkje dragast inn i politikk. Dei kan ikkje stå for meiningane sine endå, seier Jannike Kleppe frå Gloppen.

Jannike Kleppe og oppmoding

NEGATIVT: Jannike Kleppe seier fleire foreldre har reagert negativt på det dei opplever som ei oppmoding om å skubbe småborn føre i kampen for framtidig E39 over Anda–Lote.

Foto: Privat

I løpet av dagen har glopparar og eidarar blitt oppmoda om å stille langs E39 når samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) kjem på synfaring tysdag morgon.

Oppmodinga har kome gjennom skular og barnehagar, og verksemder vert oppmoda om å gje sine tilsette fri for å vere med på folkekravet om å få E39 over Anda – Lote.

– Eg tykkjer ikkje noko om at barnehageungar, som ikkje veit kva det gjeld, skal stå og vinke og markere for ei bru dei ikkje har kjennskap til, seier Jannike Kleppe.

Viktig å markere

Kleppe fekk oppmodinga gjennom barnehagen, men vil ikkje rette skyts mot denne. Derimot er ho kritisk til at dei som står bak aksjonen oppmodar foreldre om å skubbe borna framføre seg i ei sak ungane skjønar svært lite av.

Både gjennom SMS og flygeblad vert innbyggjarane i dei to kommunane oppmoda om å delta. I Eid er planen ei lang rekkje på gangvegen i sentrum. Her skal skular og barnehage ha eigne opplegg.

– Viktig: Ta med ballongar og flagg – vi skal lage stormande jubel og folk som held hender, lyd oppmodinga.

– Stå langs vegen

I Gloppen skal hovudmarkeringa finne stad på Anda ferjekai. Aksjonskomiteen lovar gratis buss til dei som blir med.

Dei som bur til dømes på Byrkjelo og Reed, som Kleppe og sonen, blir oppmoda om å stå langs vegen om dei ikkje kjem seg til Anda.

Det er viktig at vi markerer at vi ynskjer E39 over midtre linje og bru Anda - Lote.

Oppmoding frå aksjonskomiteen

Aksjonen har vore prøvd halden hemmeleg både med tanke på «Indre trasé-tilhengarane», politikarar, media, med- og motspelarar.

– Når statsråden med fylgje er på synfaringa før dei tek avgjerd om traséval for E39, vil dei køyre gjennom Breim. Då er det viktig at så mange som mogleg av oss breimingar møter opp for å vise at vi er opptekne av å få vegen over Anda – Lote, skriv aksjonskomiteen.

Frivillig

– Men det er jo frivillig. Dei som ikkje vil vere med, har høve til å seie nei?

– Det er sant, men eg tykkjer dei heller kunne gått til foreldra for ei aldersgruppe som kan snakke for seg sjølv og veit kva dei står for. Det blir som å samle ungane i nabolaget og gje godteri til dei du likar, men ikkje til dei du ikkje likar, seier ho og meiner ungane vil leggje merke til kven som får gjere «noko anna» og ikkje.

Fryktar trafikken

– Men dette er av dei viktigaste politiske sakene som har vore i Gloppen på fleire år. Bør ein då ikkje vise kor viktig den er?

– Jo kanskje det. For min del vil eg heller ha indre sidan det gir tryggare skuleveg, enn å få trafikken heilt inntil skuledøra. Ein kan tenkje seg sjølv all tungtrafikken og bilane som vil komme gjennom Byrkjelo og Reed sentrum der det går born til skulane.

– Beklagar

Ole Bernt Søreide i aksjonskomiteen seier han har fått negative reaksjonar etter flygebladet, og beklagar det dersom nokon opplever oppmodinga som negativ.

Framgangsmåten var godkjend av Gloppen kommune.

– Vi er ein komité som har arbeidd fort og kanskje litt gale, men tanken var ei positiv markering for å skape litt liv og røre når statsråden kjem til bygda, seier han og fortel at komiteen i kveld har sendt ny melding til både barnehage og skular.

– Dersom nokon opplever dette som negativt, så tykkjer vi ikkje at dei skal vere med, seier Søreide.

Flagg og ballongar

Han ser også at Breim-området er ein del av kommunen der ikkje alle deler same syn på kvar E39 skal gå i framtida.

– Vi diskuterte det i gruppa og ser at det kan vere eit område med ulike kjensler. Det er nok heilt sikkert mange som tenkjer seg tunnelgjennomslag i Utvikfjellet, seier Søreide og fortel at det på førehand ikkje var tanken at born skulle vere ei politisk markering.

– Men det er jo heilt klart ei politisk sak, all den tid ein også skriv at det er siste sjanse til å kunne påverke avgjerda?

– Ei politisk sak er det, men det var tidleg sagt at det ikkje skal vere banner. Dei vaksne kan få markere sitt politiske syn, og borna vere med å skape stemning. Difor ynskte vi ikkje banner, men flagg og ballongar, legg han til.

Langvarig strid

Samferdsleminister Solvik-Olsen er på eit siste besøk til Nordfjord og Sunnmøre før han tek set endeleg punktum i E39-saka.

Kampen om kvar E39 skal gå i framtida har gått over lang tid mellom Stryn i indre og Gloppen og Eid kommunar i midtre. Sistnemnde vil byte ut ferjesambandet Anda – Lote med bru. Dette er også alternativet fylkeskommunen har gått for.

Alternativet er tunnel gjennom Utvikfjellet og bru mellom Frøholm og Svarstad i Stryn.