NRK Meny
Normal

Vil ha banen klar i 2017

I dag kom stryningane eit steg nærmare pendelbane opp til fjellet Hoven. Styringsgruppa reknar med at banen frå fjorden til fjellet vert fullfinansiert av investorar.

Hoven

HER SKAL BANA GÅ: Biletet er tatt av styringsgruppa i dag, då dei inspiserte området der bana skal gå: opp frå Loen til fjellet Hoven.

Foto: Per Helge Bø / Privat

Prosjektgruppa hadde i dag møte. Der la dei planar som skal sørgje for at pendelbanen kan opne tidleg i 2017.

– Dette er ikkje ein tradisjonell taubane, men ein meir miljøvenleg pendelbane. I dag har vi vore ein tur på fjellet og kika, og no har vi møte for å leggje detaljerte planar framover. Vi er kome eit langt steg vidare, seier Richard Grov i gruppa.

Grov er administrerande direktør ved Hotell Alexandra i Loen. I tillegg til Grov, sit ti andre personar i gruppa.

Til no har dei gjennomført ei forstudie, og Grov seier den studien viser at prosjektet er berekraftig og kan realiserast.

– Vi har fått med oss grunneigarane på laget, og vil no gå vidare med planprosessen. Vi håpar å ha ein reguleringsplan klar i slutten av 2014, og i februar 2015 skal planperioden vere ferdig. Då ønsker vi å presentere teikningar og investeringsplanar.

Og det er store pengar som skal investerast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hengjebrua

LUFTIGE PLANAR: Frå Via Ferrata-brua høgt over Loen har folk utsikt langt utover Nordfjord. No satsar prosjektgruppa på å byggje pendelbane opp til det same fjellet.

Foto: Jan Heggheim

– Største investeringa i Stryn nokon gong

Grov fortel at dei har kome så langt at dei reknar med å få fullfinansiert prosjektet.

– Det vert nettoinvesteringar på 165 millionar. 80 prosent av pengane skal gå til start- og endestasjon, opplevings- og informasjonssenter og ein restaurant på toppen. Resten går til markeringar av stiar, prepareringsutstyr og anna.

Han seier denne investeringa vil vere historisk.

– Det er truleg den største investeringa i Stryn nokon gong. Vi i Alexandra Hotell kjem til å gå veldig tungt inn i prosjektet. Vi har også kontakt med andre investorar.

– Kven andre vil gå inn i prosjektet?

– Det vil vi ikkje gå ut med enno. For å sitere kjende folk: Ingenting er klart før alt er klart, ler Grov.

Tilbod for alle

Hotelldirektøren seier at dei forventar at prosjektet vil skaffe mange nye arbeidsplassar i området.

– Vi trur det vil skape arbeidsplassar både i hotellnæringa og byggebransjen. I tillegg til pengar i mange kassaapparat i området.

– Er tilbodet retta mot turistar?

– Tilreisande er eit betre ord. Målet er at prosjektet, som vi kallar Sleipnerhoven-Loen, skal verte kjent internasjonalt. Vi vil rette oss spesielt etter cruiseturistar. Men det skal vere for absolutt alle, både turistar og folk i nærområdet. Difor har vi lagt vekt på universell utforming.

Han nemner institusjonar i Sogn og Fjordane som ei gruppe dei trur kan nytte godt av pendelbanen.

– Dei vil ofte ha avgrensa moglegheit til å kome seg høgt til fjells, både eldre og folk med fysiske utfordringar. Dette er difor også i høgste grad eit folkehelsefremjande tiltak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ski på Hoven

SKI I DAG: I dag gjekk styringsgruppa på ski, men tilbodet skal også vere for dei som likar vandring om sumaren betre.

Foto: Per Helge Bø / Privat

Veit at det finst folk som er mot

Grov fortel at dei skal ha eit stort fokus på vandring, altså at det skal vente eit tilbod for dei som vil gå i fjella, både på ski om vinter og til fots om sumaren.

Men han vedgår at det vil vere folk som er i mot. Opp mot 70 prosent av Stryn kommune er verna i nasjonalparkar eller gjennom andre ordningar.

– Difor har vi lagt vekt på å finne fjell som er utanfor konfliktområde. Og vi legg svært stor vekt på å ta i bruk området på ein varsam måte.

Til kritikarane har han følgjande melding.

– Vi vil ta vare på naturkvalitetane og estetikken i området. Det er eit klart mål for oss, for vi vil jo at folk skal kome. Vi er klar over at det finst folk med andre meiningar, open for det, og ønsker å vere lyttande til andre interesser.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.