NRK Meny
Normal

Vil ha avvist sak om konevald

Mannen som vart frikjend for å ha sparka og slått kona, krev at ankesaka i Gulating lagmannsrett vert avvist. Aktor på si side krev fengsel i 21 dagar på vilkår.

Fleirtalet i tingretten meinte mannen hadde grunn til å bli sint fordi kona hadde vore utru, han hadde handla i berettiga harme, meinte fleirtalet, dei to lekdommarane. Dommen vekte oppsikt, mellom anna reagerte Krisesentersekretariatet på at ein norsk rett godtok vald på grunn av jutruskap. Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fekk med seg oppstyret i media og anka etter at politiet først hadde godteke dommen.

Og dette gjer at forsvararen til 33-åringen som sit på tiltalebenken, Maria Kirkeeide, meiner saka må avvisast i lagmannsretten. Ankesaka gjekk for Gulating lagmannsrett onsdag. Og første delen av saka i rettssalen i Bergen gjekk med til dette avvisingsspørsmålet. Men avgjerda om avvising eller ikkje tek ikkje retten før etter at rettsforhandlingande er over.

Anka etter medieomtale

Soknes sa i retten at han reagerte etter at dommen i Sogn Tingrett vart omtalt i media. Då hadde alt Sogn og Fjordane Politidistrikt godteke dommen og sendt melding til 33-åring om at han var frifunnen. Soknes meiner retten ikkje kan avvise saka fordi han anka innan ankefristen.

Forsvarar Maria Kirkeeide hevda på si side at når dommen var forkynt for 33-åringen, så er det å sjå på som ein bindande kontrakt som ein overordna som statsadvokaten ikkje kan overprøve.

Sparka og spytta

Det var i oktober 2004 at ekskona til 33-åringen kom heim frå ein tur til Bergen, der ho hadde treft sin noverande sambuar. På førehand hadde ho sagt at ho skulle besøke ei venninne ein annan stad i Sogn. Då ho kom heim, fortalde ho at ho hadde treft ein annan mann og at ho ville bryte ut av ekteskapet. Dette provoserte 33-åringen, og han skal då ha sparka kona på leggen og andre stader på kroppen. Ved eit seinare høve skal han ha spytta på henne og dytta henne.

Mildare tiltale

I tingretten la aktor ned påstand om fengsel på vilkår i 60 dagar, men aktor Bjørn Soknes sa i lagmannsretten at han meiner det er grunnlag for ein mildare dom. Difor la han ned påstand om 21 dagars fengsel på vilkår pluss 5000 kroner i bot.

- I rimeleg forhold til ærekrenkinga

Forsvarar Maria Kirkeeide meiner at saka bør avvisast, men subsidiært legg ho ned påstand om frifinning. Ho meiner klienten vart ærekrenkt av kona. Mellom anna sa sa ekskona at helga i Bergen med kjærasten var det finaste ho hadde opplevd i den tida dei hadde vore gifte. Forsvararen meiner at eit spark på leggen er så lite valdeleg at det står i rimeleg forhold til ærekrenkinga. Ho hevdar og at medieomtalen har vore ei stor belastning for klienten. Ho sa i retten at media gav eit svært skeivt bilete av det som skjedde, ein del av det var så feil at 33-åringen ikkje kjende att saka si, sa Kirkeeide.

Krev erstatning

Louis Anda er bistandsadvokat for ekskona til 33-åringen, og han fremja eit krav om erstatning til henne.

- Det som skjedde gjorde at ho ikkje var i arbeid på tre månader, sa han.

Han la ned påstand om at 33-åringen må betale ekskona 60.000 kroner i erstatning og 20.000 kroner i oppreising.

- Ekteskapet var ikkje bra

Den 32 år gamle ekskona sa i retten at ekteskapet ikkje var bra, at ho hadde prøvd å snakke med mannen om det, men at det var vanskeleg.

- Då eg kom heim frå besøket til kjærasten i Bergen i oktober 2004, fortalde eg mannen min at eg hadde vore utru. Han vart sint og sparka meg på legg og lår i stova, vidare tok han tak i meg på kjøkkenet og rista meg og sparka meg der og. Då eg ville ut, sperra han utgangen og gav meg eit klaps. Då eg til slutt kom meg ut, låste han døra, etter ti minutt opna han igjen og kasta ut ting.

- Varte i eit par timar

Ho sa at ho ikkje tok igjen, ho sa til mannen at om han ikkje heldt opp, ville ho ringe politiet. Det roa seg etter kvart, ifylgje ekskona etter eit par timar, men ho hevda at han stadig spurde om ho var redd, om ho skulle ha ein omgang til. Mannen flytte ut noko seinare, men budde i huset i nokre dagar etter denne hendinga til han fekk seg eit nytt husvære.

Vel to månader seinare var den noverande sambuaren hennar (ikkje den same ho var utru med i oktober) på besøk, då kom eksmannen på døra.

- Han dytta meg til sides og for inn i stova for å sjå kven som var der. Då han gjekk att, spytta han meg i ansiktet.

Det var først etter denne episoden at den no 32 år gamle kvinna melde saka til politiet.

- Sparka berre ein gong

Den tiltalte hevda på si side at han berre sparka ekskona si ein gong - på leggen - den kvelden ho kom heim frå Bergen.

- Ho ville ikkje fortelje sanninga med det same, men ho gjorde det til slutt. Då sa ho at det var den finaste helga ho hadde hatt, og då gjekk eg bort og sparka henne.

Ved den andre episoden i desember vedgjekk han at han spytta på henne. Han meinte det var grunn til å reagere, mellom anna på at dottera ikkje var levert i barnehagen.

Det er venta dom i sak tidlegast i morgon, fredag 12. mai.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.