I 1995 fekk han 250.000 kroner i erstatning, og regjeringsadvokaten meiner det er nok. Advokaten til Cilleborg-Jensen, Ove Aurstad, seier dårleg politiarbeid øydela livet til klienten som no er uføretrygda, og er svært skuffa over regjeringsadvokaten.
Marerittet til Jens Cilleborg-Jensen starta i 1994. Då vart han arrestert og sikta for å ha valdteke ei jente ei rekkje gonger frå 1990 og fleire år framover. Heimen, bilen og arbeidsplassen vart ransaka, vener og familie avhøyrde, og han sjølv fekk eit psykisk samanbrot han aldri har kome over.
I haust vart kvinna dømd til ni månaders fengsel for falske skuldingar, og ho måtte betale Cilleborg-Jensen 100.000 i erstatning. Han har også tidlegare fått ei erstatning på 250.000 frå staten for det som skjedde, og det er eit av argumenta regjeringsadvokaten har for å avvise søksmålet.
Det har tidlegare kome fram at Cilleborg-Jensen krev 3,5 millionar kroner for det som skjedde. Advokaten meiner dei falske skuldingane, kombinert med dårleg politiarbeid, øydela livet til klienten, og at han har rett på ei klekkeleg erstatning.