Det vert vurdert alternativ til Sandane Lufthamn. (Foto: NRK)
Det er delar av næringslivet i Nordfjord som ønskjer å få utarbeidd klimamålingar i Stryn og Eid, der det kan vere aktuelt å byggje ein ny flyplass.
Alternativ til Sandane Lufthamn
Tanken er å byggja ein ny flyplass dersom Sandane Lufthamn på Anda ikkje infrir dei nye tryggleikskrava. Desse krava kjem alt frå nyttår, og mykje tyder på at området på Anda ikkje er gode nok. Samferdsleutvalet skal ha saka opp til handsaming på neste møte.
Åge Starheim frå Frp fekk medlemma i samferdsleutvalet med på å få utarbeidd eit notat til neste møte.
- Det er viktig at me ikkje blir sittjande å venta på at det skjer ting. Brått står me der med skjegget i postkassa. Difor må me no få ei avklaring på om det fins alternative plasseringar til ein flyplass, meiner Starheim.
Åge Starheim. (Foto: NRK)
Ein føresetnad for næringslivet
Det er Luftfartstilsynet som stiller krav om forlenga tryggleikssone på rullebana og dette kan få følgjer for blant anna Sandane Lufthamn Anda.
Ein av næringslivstoppane som ber om nye målingar er Olav Hjelle i Sparebanken Vest.
- Det er ein føresetnad for at næringslivet skal kunna veksa og utvikla seg. Det å ha ein god flyplass i Nordfjord er óg viktig for dei som har tenkt å etablera seg her, seier Hjelle, som óg peikar på at eit meir internasjonalt næringsliv treng god kommunikasjon.