Hopp til innhold

Vil ha årlege førstehjelpskurs

To dramatiske hendingar med fotballspelarar i tenåra i helga, gjer at fotballkrinsen vil ta grep umiddelbart.

Espen Oksholen og Robert Endestad

REDDA: Trenaren redda livet til 17 år gamle Espen Oksholen i helga. Etter den, og ei anna hending, vil fotballkrinsleiar Robert Endestad (innfelt) gjere grep umiddelbart.

Foto: Montasje / NRK

16 år gamle Eirik Husabø vart liggande livlaus på fotballbana i Sogndal. Fredag kveld opplevde 17 år gamle Espen Oksholen det same i Måløy, og takka trenaren for livet.

Begge gutane kan takke snarrådige trenarar og støtteapparat for livet. Robert Endestad, leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, ser alvorleg på hendingane.

– Dette set ting i perspektiv og syner kor viktig det er med folk som kan redde liv. Vi er nøydde til å ha det meir på dagsordenen hjå oss, seier Endestad.

Vi ha årlege førstehjelpskurs

Krinsleiaren trur kunnskapen er for dårleg, og seier dei allereie har teke grep.

– Vi gjekk gjennom førstehjelp, hjartestartar og svelging av tunge på ei dommarsamling for nokre år sidan. Etter hendingane i helga har vi bestemt at det blir ein årleg sak på alle dommarsamlingane før sesongstart.

Endestad er sjølv ein erfaren fotballdommar, men har aldri opplevd slik dramatikk når han har hatt dommaransvaret.

– Dommarane er til stades stort sett på alle kampane. Dersom vi får lært dei opp i første omgang, er det i alle fall ein som kan det. Vi kjem og til å innføre kurs for leiarar og trenarar i fotballkrinsen, seier Endestad.

Vil ta det vidare enn fotballmiljøet

Men han vil ta det lenger, og ta det opp med idrettskrinsen.

– Både trenarar, leiarar og til og med lærarane i skuleverket bør kunne slike ting. Det er godt å ha om du er på fotballbanen, i skibakken eller faktisk heime på kjøkenet. Det er enkle grep som skal til for å redde nokon som svelgjer tunga, seier Endestad.

Det var nettopp det som skjedde i helga, med både Husabø og Oksholen. Dei svelgde tunga og fekk ikkje puste.

Ei dramatisk hending. Først og fremst for dei involverte, men også for dei nærmaste og dei som var til stades. Endestad, som jobbar i brannvesenet, seier ein prat om alvorlege hendingar er viktig.

– Med slike hendingar, der liv er i fare, vil eg oppmode om at dei tek kontakt med helsepersonell i kommunen og tek ein liten prat. Eg trur og det er viktig å samle heile gruppa, ta ein prat, og gå gjennom det som skjedde.