NRK Meny
Normal

Vil ha "Kong Olav" til Stryn

Håvard Skibenes vil plassere den omstridde statuen av Kong Olav ved ein filial av skimuseet i Holmenkollen i Stryn.

Håvard Skibenes er hovudaksjonær i sommarskisenteret på Strynefjellet og eigar av Folven Camping.

Til liks med mange kringom i landet, ser også Skibenes no sitt snitt til å få merksemd om sine interesser ved hjelp av den omstridde statuen.

Vil heidre kongen

Men uansett meiner Skibenes at den 7,5 meter høge statuen som Oslo kommune har sagt nei til, vil heidra Kong Olav om den vert plassert i Stryn.

- Ei slik plassering vil få fram verdiar knytt til friluftsliv og urøyrd natur, som folkekongen og skikongen var representant for, seier han.

Filial av skimuseet

I ei pressemelding seier Skibenes at han ser for seg statuen plassert i samband med eit mogeleg velkomstsenter for Norge og Nordfjord. Skigründeren luftar også tanken om å etablere ein filial av skimuseet i Holmenkollen i Stryn i lag med eit multimediasenter for actionsport.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.