Hopp til innhold

Vil greie ut bompengar – vegforkjempar reagerer

Fylkesrådmannen har i eit internt notat bede Statens vegvesen greie ut bompengar på fylkesveg 60 Olden–Innvik. Vegforkjempar Richard Grov er kritisk.

Fylkespolitikarane må ta ansvar for å ruste opp fylkesvegar, understrekar hotelleigar Richard Grov.

REAGERER: Hotelldirektør og vegforkjempar Richard Grov seier han tykkjer synd på alle som brukar fylkesveg 60.

Foto: Vegar Erstad/Montasje NRK

–Men når det gjeld veg, blei ein aldri overraska over noko lenger, seier Grov som også er direktør for Hotell Alexandra i Loen.

Det er avisa Fjordingen som i dag skriv at fylkesadministrasjonen har bede Statens vegvesen gjere ei ny vurdering av bompengar i samband fullføringa av vegen mellom Olden og Innvik.

– Dersom dette er tilfelle, vil eg kalle det eit utidig forsøk på uthaling, seier fylkespolitikar for Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, til Fjordingen.

Fylkesrådmann Tore Eriksen svarar ingen kommentar når avisa spør om innhaldet i det interne dokumentet. Han seier saka ikkje blir kommentert før den kjem til handsaming i samferdsleutvalet og fylkesutvalet i mars, og i fylkestinget i april.

Richard Grov som i mange år har kjempa for å utbetre denne vegstrekninga, reagerer sterkt.

– Dette er snakk om å utsetje prosjektet i mange, mange år. Med tanke på den auka belastninga strekninga har fått, med så mange som brukar vegen dagleg og som gjennomgangsåre, så tykkjer eg rett og slett synd på alle som brukar vegen, seier Grov til NRK.

Fylkestinget vedtok før jul at det blir oppstart på strekninga i 2015. Den økonomiske ramma for tunnel Ugla-Skarstein blei sett til 387 millionar kroner, men fylkestinget bestemte då at dei ville komme tilbake til saka i april dersom det syner seg at arbeidet kan gjerast billegare.