Hopp til innhold

Vil granske Jon Bolstad

Sjukehusaksjonen i Nordfjord vurderer å bruke innsamla pengar på å leige juristar for å granske Helse Førde.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: NRK

Før sende sjukehusaksjonen i Nordfjord ut bankgiroar til alle husstandar i heile regionen og ba om pengestøtte. Til no har dei samla inn 250.000 kroner.

Vil hyre advokat

No seier styremedlem i aksjonen, Svein Hansen, at dei vurderer å bruke deler av pengane på advokathjelp.

- Vi vil kontakte fagfolk for å få sjekke om det finst rettsleg grunnlag for vedtaka i Helse Førde som gjeld Nordfjord Sjukehus, seier styremedlem Svein Hansen.

Betalt av eiga lomme

I fleire år har aksjonistane brukt av eiga lomme på å reise og delta på møter i kampen for å ta vare på lokalsjukehuset på Nordfjordeid. No har dei fått inn nok pengar slik at Hansen og andre skal sleppe å betale alt sjølve. Men i tillegg vurderer dei å granske Helse Førde og prosessane som pågår i helseføretaket

- Vi må finne ut om alt har gått rett føre seg.

Tek ein dag om gangen

Men Hansen vil ikkje vere konkret på kva dei vurderer å granske og heller ikkje kor mykje pengar dei skal bruke på dette.

- Det har vi ikkje teke stilling. Men skal vi sjekke slike ting veit alle at det kostar pengar, så vi får ta ein dag av gangen.

- Bruk pengane på pasientane

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde, forstår lite kva som skal granskast. Han meiner pengane heller burde brukast på Nordfjord Sjukehus, og ikkje det han kallar eit påfunn.

- Vi håpar det ikkje er ein samanheng mellom dei innsamla midlane og denne typen påfunn. Det er ikkje vanskeleg å finne gode tiltak for pasientane med 250.000 kroner. 

- Eg veit ikkje kva dei skal leige inn fagfolk til. I utgangspunktet må eg vedgå at eg ikkje fekk store positive vibrasjonar, seier Bolstad.