Hopp til innhold

Her vil dei gjerne ha kraftverk – men staten seier nei

BREIM (NRK): Om dei fekk bygge vasskraft i elva, kunne det ha produsert like mykje straum som eit heilt vindkraftanlegg lenger vest. Men grunneigarane blir nekta av staten.

Grunneigarar Breim

SKUFFA: Grunneigarane i Breim ville ha kraftverk i elva, men vart nekta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Kvifor dette skal skje, har eg ikkje fantasi til å forstå, seier Bjarne Bø, ein av grunneigarane til Storelva i Breim i Gloppen kommune.

Storelva renn stri gjennom bygda. Faktisk renn ho villare enn nokon gong. Isbreane som elva kjem frå smeltar stadig raskare som følgje av klimaendringane.

Bøndene fryktar flaumar i framtida skal bli så forrykande at dei trugar bygda. Men staten seier nei til å regulere.

– Når ein ser vindkraft som naturinngrep opp mot vår utbygging, så er eg ikkje i tvil om kva staten burde sagt ja til, seier Hans Jacob Førde, styremedlem i Breim kraft, oppgitt.

Bjarne Bø

UFORSTÅANDE: Bjarne Bø er grunneigar i Storelva i Breim.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Å lage kraftverk i delar av elva, kunne ha laga fornybar kraft tilsvarande 90 GWh i året, eller i overkant av 4000 husstandar.

Det er 20 GWh meir enn vindkraftverket Okla på Stadlandet nokre mil lenger vest i Nordfjord. Det er nesten halvparten av vindkraftverket på Frøya i Trøndelag der aksjonistar har prøvd å stoppe utbygginga.

Vasskraft stoppar opp, vindkraft skyt fart

Medan vindkraftutbygginga skyt fart her til lands, har vasskraft stoppa meir opp.

Sidan 2013 har styresmaktene behandla 800 små og store vasskraftsaker. Berre over halvparten fekk konsesjon, mange saker vart avslåtte på grunn av omsyn til natur og miljø, opplyser Olje- og energidepartementet til NRK.

Nær tre fjerdedelar av krafta som blir bygd ut her til lands er no vindkraft, i fylgje NVE. Men motstanden mot vindkraft veks. Mange spør om det er rett å gjere så store inngrep i naturen for å eksportere kraft til utlandet.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) vil heller ha satsing på vasskraft.

Jenny Følling, fylkesordførarogn og Fjordane

VIL HA VASSKRAFT: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp)

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi burde bygge ut meir vasskraft, nye metodar opnar for auka produksjon samstundes som naturen blir betre tatt vare på, seier Følling.

Ho viser til at vasskraft blir skattlagt hardare enn vindkraft. Vasskraft gir meir pengar både til vertskommunane og til staten.

– Dagens skatteregime subsidierer vindkraft, og hindrar utbygging av meir vasskraft. Dette bør endrast på, meiner Følling.

Men konsesjonsdirektør i NVE, Rune Flatby, trur potensialet i Noreg snart er nådd. Skal ein bygge ut svært mykje ny fornybar energi må ein sjå etter andre energikjelder.

– Det er vanskeleg å sjå utifrå dagens system med verneplanar, og konflikt også knytt til vasskraft, at det er mykje vasskraft som kan byggast ut, seier Flatby.

Regjeringa meiner det er få moglegheiter att

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) seier potensialet for meir vasskraft er avgrensa.

– Men det finst framleis gode vasskraftprosjekt. Desse sakene har høg prioritet, seier Freiberg.

Freiberg forsvarar at departementet sa nei til Breim Kraft, mellom anna fryktar han for at ei utbygging går ut over storauren:

– Breimselva utgjer eit økologisk funksjonsområde for delar av storaurestammen i Breimsvatnet. Det vart også lagt vekt på at utbygginga vil vera negativ for landskapet i området, og ha ulemper for friluftsliv og reiseliv.

Grunneigarane meiner avslaget er uforståeleg

Men i Breim skjønar både dei og Gloppen kommune lite av avslaget: Elva går gjennom ei bygd med jordbruksmark på begge sider, like ved E39.

I høyringsprosessen støtta kommunen ei utbygging, etter at planane vart redusert til å gjelde ei kortare strekning av elva, som skåna elveosen. Også bygdeutviklingslaget støtta ei utbygging, men fleire i lokalsamfunnet er også kritiske til at elva skulle regulerast.

Grunneigarane meiner dei likevel burde fått løyve.

– Det verka veldig ubegripeleg med tanke på kor lite inngrep det er i naturen. Ein får temma elva om sommaren, fisken får faktisk betre tilhøve, ein får stoppa erosjonen ved stor vassføring. I tillegg vil det bli laga gang og sykkelsti langs elva, som vil bety veldig mykje for bygdesamfunnet, seier Hans Jacob Førde.

Hans Jakob Førde

FRUSTRERT: Hans Jacob Førde er grunneigar og styremedlem i Breim kraft.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bjarne Bø har fiska sidan han var gutunge, og har aldri sett storauren som staten snakkar om.

– Når det gjeld storaure fekk min far ein i 1959 på seks kilo. Sidan trur eg ikkje det har blitt teke noko som kan kallast storaure på den strekninga. Eg har fiska sidan min ungdom, og har aldri fått noko større enn to kilo, seier Bjarne Bø.

Trur det uansett må gravast i elva

Klimaendringane gjer at isbreane som Storelva hentar vatn frå, smeltar stadig raskare. I tillegg kjem styrtregn og flaum på ein annan måte enn før.

Bøndene ser at elva grev seg inn i terrenget som følgje av alt vatnet, og trur Storelva uansett må førebyggast mot flaum.

Så oppgitt var grunneigarane over handsaminga saka fekk av NVE og Olje- og energidepartementet at dei melde saka til politiet, for grov uforstand i tenesta. Politiet la til slutt vekk saka, fordi dei meinte det ikkje hadde skjedd noko straffbart.

Grunneigarane meiner utbygginga er så skånsam som det er råd å få ei vasskraftutbygging her til lands.

– Storelva har landbruk på begge sider. Dette er verken verna landskap eller store fossar. Om ein ikkje kan bygge ut her, er det vanskeleg å sjå kva andre plassar som kan få løyve, seier Hans Jacob Førde.

Storelva i Breim

STORELVA: Storelva i Breim går striare enn før, seier grunneigarane. Årsaka er mellom aukande bresmelting og våtare somrar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Oppdagert 30.08 med utdjuping av lokal motstand mot utbygginga.