Vil gjerne bli ny spelar i Sogndal

Tim Nilsen fekk 90 minuttar for Sogndal då Start vart slått 2–1 på La Manga søndag. No ynskjer Nest Sotra-spissen seg til saftbygda.

Tim Nilsen

HÅPAR: Tim Nilsen håpar innsatsen på La Manga blir premiert med kontrakt frå Sogndal.

Foto: Rune Eriksen / NRK

Nilsen var saman med Kristian Fardal Opseth to spelarar som fekk prøve seg i treningskampen mot eliteserierivalane frå Sørlandet.

21-åringen, som tidlegare i vinter scora to mål for Strømsgodset på La Manga, gjekk mållaus av bana mot Start. Han er likevel nøgd med eigeninnsatsen.

– Eg føler eg gjorde ein god figur. Det blir mykje springing og eg kjem til eit par sjansar som eg burde scora på, seier Nilsen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Høyr Azar Karadas, Tim Nilsen og Jonas Olsson sine reaksjonar etter sigeren over Start.

NØGDE: Sjå reaksjonane til Tim Nilsen, Azar Karadas og Jonas Olsson etter sigeren mot Start. Foto: Rune Eriksen

Vil til Sogndal

Med sine 20 mål var Nilsen sterkt delaktig då Nest Sotra rykte opp til 1. divisjon i fjor. No håpar han innsatsen under treningsopphaldet på den spanske solkysten blir premiert med kontrakt.

– Eg håpar det, seier han.

– Det er Sogndal du vil til?

– Ja.

– Har ei stund på oss

Sogndal-trenar Jonas Olsson var nøgd med det han såg av prøvespelarane. Men både Nilsen og Førde-spelar Fardal Opseth må smørje seg med tolmod.

– No har vi ei stund på oss til å vurdere spelarane, så får vi sjå når overgangsvindauget nærmar seg. Det kan også vere fleire spelarar vi ynskjer å sjå på, seier Olsson.

Ser fram til Brann

– Både Tim og Kristian gjorde det veldig bra. Det er aldri lett å kome inn og spele på eit høgare nivå, og dessutan spele med folk ein ikkje kjenner godt. Ut frå føresetnadene var det absolutt bra, legg Sogndal-trenaren til.

Onsdag klokka 16 ventar vestlandsrival Brann på La Manga.

– Brann er alltid gøy å spele mot. Det blir sikkert ein god kamp med mykje fart, seier Olsson.