Hopp til innhold

Vil gjere meir for å hjelpe langtidsledige

Talet på arbeidsledige har gått ned i Sogn og Fjordane i sommar. No vil NAV bruke meir tid og ressursar for å hjelpe dei som har vore lengst utan arbeid.

Arbeidsledig jente søker jobb

VANSKELEG: Dess lenger ein går utan arbeid, dess vanskelegare er det å kome inn att i arbeidslivet.

Foto: Randi Elise Midtskog / NRK

– Det er veldig bra at mange av dei som mister jobben, raskt får seg nytt arbeid. Men då må vi samtidig snu ressursane inn mot dei som treng meir bistand og bistand over tid, seier Frode Henden, presseansvarleg for NAV i Sogn og Fjordane.

Tala deira viser at det ved utgangen av juli månad er 993 personar heilt utan arbeid i fylket. Dette er ein nedgang på 150 personar frå same periode i fjor.

– For mange har vore ledige for lenge

Frode Henden

KOSTBART: Tiltak som kan få langtidsledige tilbake i arbeid er ofte kostbare. Frode Henden i NAV meiner det likevel er rett bruk av pengar.

Foto: NAV / NRK

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane har gått i rett retning ei tid, og NAV hadde også forventa ein nedgang i juli. Henden vedgår samtidig at tala er betre enn dei hadde trudd.

Likevel ser han utfordringar.

– Den største utfordringa no er ikkje at det er mange ledige, men at det er litt for mange som har vore ledige litt for lenge. Dette er ei utfordring vi også ser på landsbasis.

I Sogn og Fjordane er det rundt 300 personar som av NAV blir rekna som langtidsledige. Når pilene for arbeidsløysa held fram med å peike nedover er det spesielt denne gruppa som vil få fokus utover hausten.

Kostbart, men viktig arbeid

– For dei som har vore ledige i eit halvt år og eitt år, så er det betydeleg meir trøblete å kome i jobb att. Det blir utruleg viktig at vi rettar innsatsen og verkemidla våre mot dei.

Når NAV no vil jobbe meir for å hjelpe dei langtidsledige er det for mange blant anna omskolering og utdanning som vil bli viktig.

– Det kan også vere lønstilskot for å hjelpe dei inn i stillingar slik at dei får prøvd seg, seier Henden.

– Dette er kostbare løysingar, men eg er heilt trygg på at det er rett prioritering.