Hopp til innhold

Vil gjere eit siste storsøk i Dalsfjorden etter sakna

Store ressursar blir mønstra når det førstkommande laurdag blir gjort eit siste omfattande søk etter den sakna Bjørn Ove Steig. 46-åringen har vore sakna sidan han fall over bord frå ein fritidsbåt i Dalsfjorden 18. juli.

Leiteaksjon i Dalsfjorden

HÅPAR MANGE BLIR MED: Også onsdag har det blitt søkt i Dalsfjorden etter den sakna Bjørn Ove Steig. Laurdag håpar ein å få søkt over heile fjorden ut mot Askvoll. Her frå tidlegare søk.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

– Det blir eit stort og omfattande organisert søk. Politiet skal organisere og har fått med seg Røde Kors, og vi blir mange frivillige som skal delta, opplyser Arne Inge Synnevåg.

Han er svoger til den sakna og har vore familien sin talsperson i tida etter ulykka.

Det var torsdag 18. juli at trebarnsfaren Bjørn Ove Steig frå Leikanger i Sogn vart meldt sakna. Han var på båttur med to av borna, då han fall over bord i Dalsfjorden utanfor Dale i Fjaler. Augevitne på land såg kva som skjedde, og fekk tatt hand om borna.

Omfattande søk vart sett i gong både med båtar og helikopter. I vekene som har gått har både eit kystvaktskip, lettbåtar frå Røde Kors og ikkje minst svært mange frivillige både frå Sunnfjord og Sogn deltatt i søket. Utan resultat.

Søkjer framleis kvar dag

Også denne veka blir gjort søk med frivillige til faste organiserte tider.

– Vi søkjer kvar dag til og med fredag med oppstart klokka 10 og klokka 18. Det er frivillige både med og utan båt.

Laurdag blir det sett endeleg punktum for den organiserte leitinga.

– Då håpar vi flest mogleg blir med, slik at vi får søkt gjennom heile Dalsfjorden og utover mot Askvoll og vestover mot havet, seier Synnevåg.

Han legg til at frivillige kan teikne seg på liste via ein vakttelefon som er oppretta.

Leiteaksjon i Dalsfjorden

HAR LEITA I TRE VEKER: Helikopter, båtar og mannskap har søkt etter 46-åringen sidan 18. juli.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Vil halde fram

Synnevåg ber elles dei som bur langs fjorden om å ha auga opne.

– Eg har ei stor oppmoding til alle som bur langs Dalsfjorden og ut mot Askvoll om at dei ser seg rundt i fjæra, og viss dei er på sjøen ser etter om dei ser noko.

Skulle det ikkje bli gjort funn innan laurdag, vil det likevel bli leita.

– Etter laurdagen vil det ikkje føregå organiserte søk, men familien, vener og kjende vil halde fram med å søke i tida framover, seier Synnevåg.

Den sakna var kledd i svarte klede og hadde svarte sko då han fall over bord.