Hopp til innhold

Vil gjere dette til den nye Besseggen

Stupbratte og 1338 meter høge Eggenipa skal bli Sogn og Fjordane sitt svar på Besseggen.

Byrkjelo

VIL HA FLEIRE PÅ TOPPEN: – Legg vi til rette for turar på Eggenipa, er eg heilt sikker på at det vert ein ikontur som veldig mange ønskjer å ha i skalpen sin, seier næringssjef Knut Roger Nesdal i Gloppen kommune.

Foto: Odd O. Støyva

Det majestetiske fjellet er eit ynda fotoobjekt, men den til tider svært bratte stien opp fjellryggen gjer at mange i dag ikkje vågar anna enn å ta bilde av fjellet. Det vil grunneigarar og kommune endre på.

– Eggenipa er det største ikonet Gloppen har. Ikkje noko motiv er så fotografert som Eggenipa, seier næringssjef Knut Roger Nesdal i Gloppen kommune.

No har 14 grunneigarar gått saman om selskapet Nibberåsa, med mål om å utbetre stien.

– Det blir ein rundtur, opp Eggenipa og rundt dalen, ein tur på om lag seks timar. Det vert vårt svar på Besseggen, seier Nesdal.

Besseggen er ein av Norge sine mest populære fjellturar, som rundt 50.000 personar går kvart år.

Med ein fot i kvart dalføre

– Vi ønskjer at dette skal bli ein fjelltopp som kan marknadsføre Gloppen og fylket, eit fjell som vert attraktivt for folk flest, seier grunneigar Bjarte Heggheim.

Utsikt i frå Eggenipa

RETT NED: Frå toppen av Eggenipa kan du om lag sjå rett ned i takluka på bilane som køyrer gjennom Våtedalen på E39.

Foto: Silje Guddal / NRK

I dag breier stien seg enkelte stadar ut over vegetasjonen og vert gjørmete. Å få til ei trygg og berekraftig rute opp fjellryggen og utbetre stien i enden av dalføret vil koste pengar.

– Her er veldig mange gode finansieringsordningar viss du er god på å planlegge, og det er vi i Gloppen. Så det er vi ikkje uroa for, seier Nesdal.

Oppgraderinga av stien er rekna ut til å koste rundt fem millionar kroner.

– Vi vil søkje om spelemidlar, det vert ein del dugnadsarbeid og gjerne støtte ifrå andre sponsorar, seier Heggheim om budsjettet.

Eggenipa i Våtedalen, på grensa mellom Gloppen og Sunnfjord.

FOTOOBJEKT: – Fjelltoppen er voldsomt mykje publisert på sosiale medium, det har ein voldsom reklameeffekt, seier Bjarte Heggheim.

Foto: Kåre Nyland

– Eit kompliment

På austsida av fjellet er Iselin Jonassen (Ap) ordførar i Vågå, og såleis «vertinne» for Besseggen. At glopparane ser mot Besseggen vert teke godt i mot.

– Det er eit utruleg fint kompliment, seier Jonassen.

Ein fellesnemnar for Besseggen og Eggenipa er at det er enkelt å kome seg til utgangspunktet for turane. Eggenipa har om lag foten på E39.

– At det er enkelt å kome seg til Besseggen og stinettet, gjer at ein god del folk truleg er for dårleg utrusta. Dei vurderar kanskje turen enklare enn kva den er, seier Jonassen.

Ho peikar difor på god informasjon om sjølve turen som ein viktig del av infrastrukturen.

– Særleg når det kjem til å kle seg etter forholda. Dette med nok mat, klede og drikke, seier Jonassen.

Grunneigaren fortel at dei i dag får mange tilbakemeldingar frå folk som ønskjer å ta seg til toppen, men som ikkje torer. I 2020 håpar dei at stien er ferdig rusta opp.

– Det er ein unik oppleving å stå på toppen med begge dalane ned for føtene, seier Heggheim.