No blir det vanskelegare å drive ulovleg

Kvar einaste år avslører Vegvesenet fleire verkstader som driv utan godkjenning. No skal eit søkbart register på nett gjere det enklare for deg som bileigar å styre unna dei useriøse aktørane.

Bilreparasjon

GODKJENT ELLER IKKJE: Både bilbransjen sjølve og Vegvesenet veit at det er mange verkstader som driv utan godkjenning. No gjer dei det enklare for bileigarane å vite kven som driv lovleg.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Dette er eit verkemiddel for å overvinne ulovleg verkstaddrift og sikre like konkurransevilkår i bransjen, seier Kristian André Sæbø, overingeniør i Statens vegvesen i region Vest om tenesta som no er lansert.

Når du skal fikse noko på bilen din, ha den på service eller ha den til EU-kontroll tek du det nok som ein sjølvfølge at dei som skal gjere det kan sine saker. Men Vegvesenet kjem stadig over verkstader som driv utan godkjenning.

– Manglar kompetanse og utstyr

Kristian Andrè Sæbø, overingeniør Statens vegvesen, region Vest

EIT GODE: Kristian André Sæbø trur bileigarane i tida framover vil bli stadig meir opptekne av å nytte seg av godkjente verkstader.

Foto: Anna Gytri / NRK

Sæbø seier det er fleire grunnar til at du som bileigar bør ha interesse av at verkstaden du brukar er godkjent.

– Veldig ofte viser det seg at verkstader utan godkjenning verken har kompetanse eller utstyr til å utføre reparasjonar på ein fagleg god måte.

– Ofte ser vi at dette er personar som delvis har ei form for utdanning, men ofte er det også ufaglærte som driv i stor skala, seier han.

Brukar du ein verkstad som ikkje er godkjent, er du dermed mindre trygg på kvaliteten på arbeidet og bildelane som er brukt, fortel Sæbø.

– Mange driv useriøst

Egil Steinsland

POSITIVT: Egil Steinsland i Norges Bilbransjeforbund seier bileigarar er mykje sikrare på at arbeidet på bilen deira er riktig gjort om dei brukar godkjente verkstader.

Foto: Norges Bilbransjeforbund
Odd Arild Dale, Sogn og Fjordane bilbransjeforeining

TRYGGLEIK FOR KUNDANE: Det meiner Odd Arild Dale i Sogn og Fjordane om den søkbare tenesta til Vegvesenet.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

For å gjere det enklare for bileigarane å finne ut om ein verkstad er godkjent eller ikkje, kan du no enkelt søke opp godkjente verkstader på Vegvesenet sine nettsider (sjå faktaboks). I Norges Bilbransjeforbund applauderer dei tenesta.

– Dette synest vi er veldig bra, og viktig, seier kommunikasjonssjef Egil Steinsland.

Han seier omfanget av verkstader som driv utan godkjenning er stort.

– Det finst regionale skilnader, men det er mange der ute som driv useriøst og ikkje er godkjent, seier Steinsland.

Også leiar i Sogn og Fjordane Bilbransjeforeining, Odd Arild Dale, er positiv til at verkstadlista blir gjort enkelt tilgjengeleg på nett.

– For kunden sin del er dette ein tryggleik. For bilbransjen sin del er det ein god ting at vi får synleggjort det dersom nokon ikkje har alt på stell, seier Dale.

Han legg samtidig til at dei i Sogn og Fjordane har inntrykk av at dei aller fleste i fylket har godkjenninga i orden.

– Håpar dei tenkjer seg om

Sæbø i Vegvesenet håpar kjennskap til det søkbare registeret vil skremme vekk potensielle drivarar av ikkje-godkjente verkstader.

– Vi håpar dei tenkjer seg betre om, før dei startar opp ein ulovleg verkstad. Eg trur også publikum i framtida vil bli stadig meir opptekne av å bruke godkjente verkstader.