Hopp til innhold

Vil gjere alt som er planlagt

Alle planlagte investeringar i Kinn kommune skal bli realiserte. Det er lovnadane MDG, SV og Arbeidarpartiet og Senterpartiet som saman skal styre den nye storkommunen kjem med, skriv Firdaposten. Det er blant anna snakk om symjehall i Vågsøy og fotballhall og rådhus i Florø. Dette står i intensjonsavtalen mellom Vågsøy og Flora, og må finnast rom for i budsjettet. Ordførar Ola teigen vil ikkje seie noko om kva som ligg høgst på prioriteringslista.