Hopp til innhold

Vil gjera nynorsk til valfag

Bokmålsforbundet går inn for at nynorsk blir valfag, på lik line med samisk, og dermed avskaffa målstriden ein gong for alle.

Nynorsk eller bokmål?
Foto: Stine Hansen / NRK

Leiar i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård sa i ein debatt på NRK Sogn og Fjordane onsdag at nynorskopplæringa i skulen har spela falitt.

Elevane lærer ikkje nynorsk

Bokmålsforbundet hevdar at sjølv ti års skulegang ikkje greier å læra norske elevar nynorsk. – Då ser me ingen vits i å ha dette språket. Sidan det etter kvart liknar så mykje på bokmål, så treng me ikkje to målformer som er så like, seier Øksnegård.

Difor vil Øksengård og Bokmålsforbundet avskaffa den obligatoriske opplæringa i sidemål.

På spørsmål om dette òg vil seia at nynorskelevar ikkje lenger skal læra bokmål, svarar han at det må dei sjølvsagt få høve til om dei ynskjer det. Ei frivillig sidemålsordning vil gje elevane høve til å læra bokmål om dei ynskjer det.

Provosert over avleggs kamp

Henning Rivedal, målmann og informasjonsjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune er provosert over utspela frå Bokmålsforbundet. Rivedal meiner at nynorsk har ein soleklar rett til å leva ved sida av bokmålet, og seier at Bokmålsforbundet driv ein avleggs kamp.

– Eg skjønar ikkje at er råd å bruka tid og krefter på dette i 2007.

Han seier at retorikken og taktikken til Øksengård er tydeleg.

– Fyrst skal dei kvela nynorsken, så skal dei hevda at nynorsk er så lite brukt og så ukjent at ingen forstår det og folk tyr lettare til bokmål. La oss like godt leggja ned nynorsken, seier dei. Denne taktikken har mislukkast i hundre år og når me ser kor mange unge i bygd og by, som vel nynorsk, så lyt nok bokmålsforbundet bruka minst hundre år til.

Folket har valt

Øksengård har inga forståing for argumenta til Rivedal. Folk i Noreg har valt vekk nynorsk til fordel for bokmål, og han meiner at det ikkje er nokon logikk i at det vert brukt tid og pengar på å læra norske elevar eit språk dei ikkje kjem til å bruka.

Men Rivedal trur trur ikkje ynsket frå Bokmålsforbundet vert nokon realitet.

– Nei, eg har no den tru at politikarane har litt meir vit enn som så, men ein skal no aldri sei aldri.