Hopp til innhold

– No opnar me loket på skattekista

HAFSLO (NRK): Fiskane i Hafslovatnet skal bli færre og feitare. Målet er å gjera sportsfisket der like kjend som Lærdalselva.

Olav Bremer på Hafslovatnet

FISKELUKKE? Olav Bremer dreg opp nattas fangst. No opnar grunneigarane for at alle som vil kan fiska med garn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Båten bryt det blikstille vatnet i det Olav Bremer ror ut til det første av fire garn han sette søndag kveld. Det er berre ein meter djupt, så på veg ut ser me fort at garnet har gjort jobben sin i natt.

– Hafslovatnet er ei skattekiste med lok på. Når me fiskar med garn her, så får me eit gløtt av kva som skjuler seg nede i vatnet, fortel Bremer, i det han dreg opp fisk etter fisk.

Prosjekt «Færre og feitare»

Grunneigarane har dei siste åra jobba med prosjektet med det treffande namnet «Færre og feitare». I ein storstila dugnad, samt med innleigd hjelp, har dei fiska opp 20000 aure i størrelsen 10–15 centimeter. Målet er at det skal bli færre og feitare fisk i Hafslovatnet.

Med det håpar grunneigarane at sportsfiskarane vil strøyma til vatnet på jakt etter gode fiskeopplevingar.

– Viss me skal vera litt frekke, så er det jo mange som veit kvar Lærdalselvi er. Om nokon ikkje veit kvar Lærdalselvi er, så kan me seia «Det er ikkje så langt frå Hafslovatnet», og då skal dei skjøna kvar elva er. Me skal bli store og kjende, seier Bremer.

Olav Bremer

16 FISK: Olav Bremer syner fram to av fiskane han fekk i det eine garnet. På alle fire garna fekk han nok fisk til å eta godt heile sommaren.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Den største dokumenterte auren som er fiska i Hafslovatnet vog 6,1 kilo. Hafslobygdingane snakkar framleis om året 1999, då storauren nærast svømte i hendene på deg om du gjekk ut i vatnet. Dei ti største fiskane tekne det året, alle på stong, vog over to kilo.

Håpet er at det skal bli normalen att om nokre år.

Garnfiske for alle

No er den minste fisken tatt ut, og den litt større fisken står for tur. Då har grunneigarane bestemt seg for å opna vatnet for alle for å få hjelp til å leggja endå betre til rette for dei aller største ruggane.

Aure i Hafslovatnet

VIL HA STØRRE: Målet er at auren som blir fiska i Hafslovatnet skal vera mykje større enn dette.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Alle har hatt lov til å fiska i Hafslovatnet med stong, så sant dei har kjøpt fiskekort. Garnfiske har det berre vore grunneigarane som har hatt lov til. Men no, for første gong, er vatnet no ope for alle til også å driva garnfiske - så sant du har kjøpt fiskekort.

– No skal me ta ut fisken som er mellom 200 og 500 gram. Det er dei som kjem til å råda i vatnet no, og det kjem til å bli for mange av dei. Difor vil me fiska den størrelsen no, seier Bremer.

– Når er Hafslovatnet eit namn alle sportsfiskarar kan?

– Innan fem år. Men me kan ikkje vita det sikkert, så me må berre jobba på for å gjera produktet så bra som mogleg, seier Bremer.