Hopp til innhold

Vil gje staten all makt i store vegprosjekt

Høgre i Sogn og Fjordane vil la staten få full råderett over nasjonale vegutbyggingar.

Vidar Grønnevik

STØTTAR: Vidar Grønnevik i Sogn og Fjordane Høgre støttar forslaget ifrå Høgre sentralt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Store vegprosjekt er alt for lite effektive, det kan ta ti år utan at noko vert gjort.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane Høgre Vidar Grønnevik. Han meiner at det viktigaste no er at ein får fortgang i dei nasjonale vegutbyggingane, og at kommunane har vore ein bremsekloss i dette arbeidet.

Nikolai Astrup

VIL FLYTTE MAKT: Nikolai Astrup i Høgre vil flytte makt ifrå kommunane til staten

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Det var Aftenposten som i går kveld melde at høgre sin "vegsjef" Nikolai Astrup er lei av at kommunane forsinkar handsaminga i nasjonale veg- og kollektivprosjekt.

– Det kan ikkje lenger ta 20–30 år å få realisert eit vegprosjekt, seier Astrup til avisa.

Ei regjering som gir blaffen i regionane

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane ifrå Senterpartiet Liv Signe Navarsete er ikkje begeistra for forslaget. Ho seier at det føyer seg inn i ei rekkje av forslag der regjeringa vil flytte makt ifrå regionane og inn til hovudstaden.

Flytebru Halsafjorden

FERJEFRI: Ein ferjefri kyststamveg er eit av prosjekta der Høgre vil flytte all makt til staten.

Foto: LMG Marin / Montasje

– Eg er ikkje overraska av forslaget, for dette er ei regjering som gir blaffen i regionane. Dette vil gje Oslo makt på kostnad av regionane. Staten vil stort sett seie det same som Oslo, og då er det omsyna i hovudstaden som kjem til å vege tyngst, seier ho.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete er sterkt kritisk til forslaget ifrå Høgre

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

Navarsete seier at det ofte er dei regionale og lokale politikarane som kjenner tilhøva best. Ho tviler også på om handsaminga vil gå noko særleg raskare om staten får fritt leide.

– Eg trur ikkje det stemmer at det er handsaminga i kommunane som er problemet. Ofte er det jo alle dei ulike departementa som er bremseklossen, og slik vil det uansett vere om staten får all makt.

Effektivitet må vege tyngre enn lokaldemokrati

Vidar Grønnevik i Høgre er samd i at det vil vere ei svekking av lokaldemokratiet å flytte all mynde til å ta avgjerd til staten, men seier at det omsynet lyt vike for omsynet til effektivitet i handsaminga

– Det er klart at det her er fleire omsyn som står opp mot kvarandre, men det viktigaste for oss er å sikre at store vegutbyggingar kan skje fortare enn det som er tilfelle i dag.