Hopp til innhold

– Lat ungdomane få bu heime lengst mogleg

Fleire vidaregåande elevar på hybel vil gje politiet meir arbeid. Lat ungdomane bu heime så lenge som råd er, meiner lensmennene i Førde og Sogndal.

Løseth og tvinde

SKEPTISKE: Lensmennene Åge Løseth og Jan Egil Tvinde vonar at ungdomane kan bu heime så lenge som råd er.

Foto: arkiv / NRK

Skulenedlegging kan føre til fleire hundre nye hybelbuarar her i fylket.

I dag bur 148 i dag elevar på hybel i Førde. Men det kan bli langt fleire. Ein konsulentrapport tinga av fylkeskommunen tilrår å leggje ned inntil sju av dagens 13 vidaregåande skular i fylket.

Blir Høyanger og Dale lagt ned, har inntil 400 nye elevar Førde som nærmaste skulestad.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, meiner at om fleire må på hybel, så betyr det også fleire i risikosona.

Kan hamne i feil miljø

– Det er jo det at dei får feil vener og havnar i feil miljø. Kan byrje å bruke stoff og det kan bli ein god del alkohol, som er uheldig. Det er jo slike negative verknader ein kan sjå, seier Tvinde.

Han legg vekt på at dei i dag driv eit godt førebyggjande arbeid blant dei som må flytte vekk frå mor og far for å gå på skule.

– Vi meiner vi har vore gode på å ha kontakt med hybelbuarane, særleg i samarbeid med Øyrane vidaregåande skule. Vi har og fått ein ganske god dialog med foreldra, og gjort dei klar over kva som er faresignala, fortel lensmannen.

– Best å bu heime

Han meiner at det er ei utfordring med ungdomar som bur på hybel alt no i dag, men at dei fleste taklar bortebuarlivet godt.

– Men dess fleire som bur på hybel, dess fleire blir det som ikkje taklar det så godt. Det mest optimale er å få lov å bu heime til ein er i stand til å bu for seg sjølv, meiner Jan Egil Tvinde.

Flest registrerte hybelbuarar er det i dag på Sogndal vidaregåande. 276 elevar har hybeladresse. Blir skulane i Årdal og Luster lagt ned, kan drygt 300 nye elevar bli å finne i Sogndal.

Det mest optimale er å få lov å bu heime til ein er i stand til å bu for seg sjølv

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde

Haldningskampanjar

Lensmann Åge Løset i Sogndal er svært nøgd med tilhøva slik dei er i dag. Politiet driv eit omfattande førebyggjande arbeid i skulebygda.

– Om vi ser litt historisk på det, så opplevde vi her i Sogndal at ein hadde ein god del utfordringar knytt til ungdom på hybel. Det blei teke tak i og det blei køyrd haldningskampanjar. Dei siste åra så har ting betra seg mykje. I dag føler vi at vi nesten ikkje har store problem knytt til dei som bur på hybel, seier Løset.

Han meinar at det viktigaste er å førebu seg og fortelje desse ungdomane som kjem hit kva vi forventar av dei, kva reglar som gjeld og at politiet føl med.

Norconsult føresler å leggje ned skular.

OMSTRIDD RAPPORT: Frå pressekonferansen der Norconsult la fram sin rapport om framtida for vidaregåande skular i fylket.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Må vere godt samarbeid

– Fråfallet i det treårige skuleløpet er større blant ungdom som bur på hybel enn dei som bur heime hos mamma og pappa. Dess fleire som får lov å bu heime, dess betre er det samfunnsøkonomisk, meiner lensmannen.

Han er oppteken av at må vere eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane for å sikre at dei mange hybelbuarane unngår å hamne i problem.

– Om vi klarer å halde oppe ein god, førebyggjande aktivitet saman med skular, foreldre og kanskje ikkje minst dei som leiger ut hyblar, så trur eg nok vi skal klare å leve greitt sjølv om vi får nokon fleire på hybel, seier Løset.

Elevane er uroa

Reaksjonane har vore sterke etter at Norconsult la fram sin rapport om skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Og fleire er uroa over at fleire hundre nye elevar kan bli nøydde til å flytte heimanfrå.

Anna Njøs Sleppen
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er bekymra for at desse tiltaka kan føre til at fleire elevar må flytte på hybel for å kunne få den utdanninga dei ynskjer seg. Det vil føre til at ungdom må flytte lengre vekk frå familie og vennekrets, og bu aleine i svært ung alder, sa leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Anna Njøs Sleppen.