Hopp til innhold

Vil gje brannbilen køyreforbod

Gong på gong har brannsjefen uttrykt uro for dei gamle brannbilane i kommunen. No vurderer han å leggje ned køyreforbod.

Brannbil i Aurland

NÆRMAR SEG 40 ÅR: Denne brannbilen er frå 1973 og er i dag stasjonert i Gudvangen. Brannsjefen vurderer no å setje ned køyreforbod på bilen fordi den ikkje er forsvarleg å bruke.

Foto: Arne Veum, Aurlendingen

Brannsjef Arvid Gilje er lei og ber politikarane i Aurland kommune om å vakne opp, skriv Sogn Avis. Han vil både ha ny brannbil og ny kommandobil straks. Skal kommunen ha ein forsvarleg beredskap må denne vere på plass allereie til neste år, skriv avisa.

– Beredskapen er ikkje forsvarleg i dag, seier Gilje til NRK.no.

Hovudbrannbilen frå 1987 støttar ikkje dagens lovverk, ifølgje Gilje. Tillitsvald i brannvesenet, Jan Inge Magnussen delar uroa. Han seier til Sogn Avis at bilen ikkje klarer å halde farten og ofte blir forbikøyrt.

Heller ikkje bilen som er stasjonert i Gudvangen er forsvarleg å nytte som brannbil. Bilen er frå 1973 og NRK fortalde seinast i mars om korleis Gilje og brannvesenet i Aurland fortvilar over sine gamle brannbilar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Veteranbrannbil

Fryktar liv kan gå tapt

Det er 20 tunnelar på vegane i Aurland kommune. Mange ligg på den sterkt trafikkerte E16 der det mellom anna køyrer mange tyngre køyrety med farleg last.

Brannvesenet fryktar alvorlege tunnelulukker og er redde det skal få store konsekvensar når brannbilane ikkje kjem seg fram fort nok. Eller at dei ikkje kjem seg fram i det heile teke.

– Bilen er avleggs. Eg fryktar at liv kan gå tapt fordi den går for sakte, særleg i stigingar, sa Gilje til NRK.no om brannbilen frå 1987.

«Utgått på dato»

Alt i 2008 stod ny brannbil på økonomiplanen, men verken då eller seinare har brannsjef Arvid Gilje fått gjennomslag. No vil brannsjefen ta grep.

Ifølgje Sogn Avis vurderer brannsjefen no å setje ned køyreforbod for den 40 år gamle veteranbilen.

– Ein kan ikkje ha ein så gamal bil til å sikre liv og helse. Den er gått ut på dato for lengst, seier Gilje til avisa.

Politikarane tek opp saka

Det kan også bli aktuelt å leggje ned køyreforbod på kommandobilen. Dette er ein liten Citroen Berlingo som Gilje seier ikkje er forsvarleg å bruke. Mellom anna er den svært baktung, og det er vanskeleg å kome seg fram med bilen vinterstid.

Planen til Gilje er å pensjonere veteranbilen frå 1973. Dette skulle vore gjort for lengst seier Gilje til NRK.no, og skildrar bilen som ein museumsgjenstand.

Det som i dag er hovudbrannbilen, bilen frå 1987, skal flyttast frå Aurland til Gudvangen. I Aurland vil brannsjefen ha ein heilt ny brannbil, og ein heilt ny kommandobil. Den nye kommandobilen skal, slik Gilje ser det føre seg, vere betre utstyrt enn den kommandobilen dei har i dag.

Torsdag denne veka skal kommunestyret i Aurland samlast. Gilje seier til avisa at han håpar politikarane no går inn for å få på plass ny brannbil innan juni 2013, og ein ny kommandobil så snart som mogleg, men seinast 2013.

Video Fleire lastebilbrannar enn husbrannar