Hopp til innhold

Ap vil gi studentane stipend i ein ekstra månad

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil gje studentane stipend også i sin 11. studiemånad. – Ein kjempesiger for studentane, seier ein nøgd AUF-leiar.

Ole André Aarvoll

STOLT OG NØGD: Fungerande AUF-leiar i Sogn og Fjordane, Ole André Aarvoll.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag får studentar stipend i ti månader – frå august til mai. Då kan det fort bli tomt i lommene den siste månaden av studietida, seier fungerande fylkesleiar i AUF, Ole André Aarvoll.

– I nokon tilfelle har det vore slik at studentane har måtte be foreldra om støtte den siste månaden, seier Aarvoll.

Samrøystes vedtak

Det var AUF som fremja forslaget om at studentar skal få stipend i 11 månader på årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeiderparti, som var i helga. Eit samrøystes årsmøte var einige om at dette var noko dei ville støtta.

– Ein kjempesiger for AUF i Sogn og Fjordane, og ein kjempesiger for studentar som no får stipend i alle dei månadene dei studerer, seier Aarvoll.

Aarvoll meiner dette vil føre til ei betre studietid.

– Det vil bety at studentar får det meir romsleg økonomisk, og at dei faktisk er i stand til å betala for seg.

– Men vil ikkje dette ekstra månadsstipendet berre gå til fest og fyll?

– Nei, eg reknar med at folk brukar pengane sine fornuftig. Juni er jo den månaden det er minst fest og fyll, for då nærmar det seg eksamen.

Får støtte frå studentane

– Eg tykkjer det er flott. Dette støttar den nasjonale studentpolitikken som me fører gjennom norsk studentorganisasjon, seier Magnus Aasheim, leiar i styret for studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han peikar på at studentane ønskjer å fokusere på studiane, men at dagens situasjon gjer at mange må finna seg ein jobb.

– Ein ønskjer jo å bruka tida si på studiar og ikkje på jobb. Men slik det er i dag, at ein får støtte i ti månader, so må ein finne seg jobb, seier Aasheim.

Trur på landsmøtevedtak

Men før Aasheim og dei andre studentane kan sjekke kontoen, må politikken vedtakast av Arbeiderpartiet sentralt.

– Det blir spanande å sjå på landsmøtet, for det kostar mykje pengar, seier Aarvoll i AUF.

Han har likevel trua på at studentane vil få det litt lettare økonomisk mot slutten av skuleåret i framtida.

– AUF har vedteke det i fleire og fleire fylkeslag, so me er absolutt positiv til at dette kan bli regjeringspolitikk dei neste fire åra.

Det same er studentleiaren Aasheim.

– Eg er veldig positiv, so eg håpar det går gjennom.