Vil gå til massesøksmål mot staten etter orkanen Tor

Dei tapte hundretusenvis av kroner på orkanen Tor. No vil dei samle andre og gå rettens veg.

Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen

FORTVILA: Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen mangla 12 centimeter på havnivået langs Førdefjorden, dermed tapte dei ein halv million kroner.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Familien Kvellestad i Naustdal tapte 500 000 kroner på at det mangla nokre få centimeter på å få erstatning etter orkanen Tor. Moloen deira i Førdefjorden fekk store skader:

– Det er totalt uforståeleg at ein kjem med bortforklaringar, seier Sølve Kvellestad

Tor hadde den høgaste målte middelvinden som er målt i Norge, og enorme bølgjer knuste inn mot land.

Orkanen herja – men vinden får ikkje skulda

45 søknadar er kome inn til Naturskadeordninga etter skader som sjøen har gjort på kaier og moloar under orkanen. Og sjølv om det er utvilsamt at stormen påførte skadane, endar søkjarane med avslag.

Molo Vingelven

ØYDELAGT: Det veglause småbruket Vingelven i Bremanger har moloen som livsnerven til omverda. No må den reparerast for ein million kroner.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I Bremanger mangla Rolf Vingelven seks centimeter på ein målar i Måløy for å få ein million kroner.

Seniorrådgjevar Tron Reidar Bøe i Landbruksdirektoratet sa til NRK førre veke at Naturskadeordninga rettar seg etter lova:

– Alle, også vi som jobbar med dette, skjønar at skadane skuldast stormen, likevel gjer det ikkje det i Naturskadelova si tyding. Ein får ikkje erstatning om ikkje skadane direkte skuldast vind, når hendinga ikkje kan reknast som erstatningsbetingande stormflo. Det er slik lovgjevarane har bestemt det, seier Bøe.

KrF har nyleg kalle systemet for absurd, og stikk i strid med all sunn fornuft.

– Vi må på ein eller annan måte greie å endre denne praksisen, seier Sissel Kvellestad Jensen.

Lova vart nyleg fornya

Naturskadelova har nyleg blitt gjennomgått og revidert, og ny lov kom i kraft frå 1. januar 2017.

Jon Georg Dale på møte på Skei

MÅ SVARE: Frustrerte menneske langs kysten tapar millionar. Naturskadelova vart fornya og kom i kraft 1. januar 2017. Landbruksminister Jon Georg Dale kunne i går ikkje la seg intervjue i saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NRK har kontakta landbruks- og matminister Jon Georg Dale om kvifor ein har det strenge kravet om stormflo for å dekke inn skader. Dale kunne i går ikkje kommentere saka, men har lova å kome tilbake med svar.

Vil samle orkanofra og gå rettens veg

No ynskjer familien Kvellestad å samle flest mogleg orkanoffer for om mogleg å utfordre rettspraksisen saman:

– Vi veit det er fleire i same situasjon, seier Sissel Kvellestad.

Molo Kvellestad

REPARERT: Denne moloen i Førdefjorden fekk store skader under orkanen Tor.

Foto: Privat

Moloen er no reparert med eigne pengar. Kvellestad driv med reiseliv og båtutleige, og moloen måtte fiksast før skadane vart endå større.

Denne veka har dei fått større frå fagfolk. Kvellestad meiner lova vert tolka på ein urimeleg måte:

– Lova skal vere der for at det skal vere mogleg å få ei erstatning for ting det ikkje er mogleg å forsikre på vanleg måte. Vi betalar alle inn til ordninga.