Hopp til innhold

Vil gå rettens veg etter arbeidsulukker ved Nordfjord Kjøtt

Dei slovakiske arbeidarane som vart skadde i to arbeidsulukker ved Nordfjord Kjøtt vil gå til rettssak. Det seier advokaten deira, Odd Arne Nilsen.

Duracka og Veis vil gå rettens veg

USAMDE: Dei slovakiske arbeidarane Jan Duracka og Marik Veis er villige til å ta saka rettens veg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Arbeidstilsynet har meldt Nordfjord Kjøtt til politiet etter ei av ulukkene. Dei to arbeidarane krev 150 000 kroner kvar i erstatning.

Nordfjord Kjøtt har så langt avvist kravet, men advokat Odd Arne Nilsen seier slovakane då vil gå rettens veg.

– Bedrifta har avvist begge krava. Det betyr at dei to skadde vil ta saka vidare og gå til rettslege steg, seier advokat Odd Arne Nilsen, som representerer dei to slovakiske arbeidarane.

Saka om arbeidstilhøva ved Nordfjord Kjøtt vil etter alt å døme ende i rettsapparatet. Denne veka fortalde slovakiske Alojz Stefka at han vart sett til å jobbe med ei farleg og defekt maskin som gjorde at han mista fingeren.

Saka er meldt til Politiet av Arbeidstilsynet som meiner verksemda har brote Arbeidsmiljølova på tre ulike punkt.

Både Alojz Stefka og kollegaen Marek Veis, som fekk handa si skada då syre trengde inn i arbeidshansken har kravd verksemda for 150 000 kroner kvar i erstatning.

Ønskjer ikkje å kommentere påstandane

Advokaten deira Odd Arne Nilsen meiner det er god grunnar til å ta saka opp i retten.

– Vi får sjå kven som får rett til slutt. Arbeidstilsynet har jo vore inne, og har, slik eg forstår det, komme med ein ganske kritisk rapport, seier Nilsen.

Administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt Geir Egil Roksvåg vil ikkje kommentere denne saka.

Geir Egil Roksvåg

GODT MILJØ: Administrerande direktør i Nordfjord KJøtt, Geir Egil Roksvåg, vil ikkje la seg intervjue om saka. Han har tidlegare synt til HMS-undersøkingar i bedrifta som syner at arbeidsmiljøet er godt.

Foto: NRK

Han har tidlegare vist til HMS-undersøkingar i bedrifta som viser til eit godt arbeidsmiljø, NRK har ikkje fått intervju med lokale tillitsvalde. Dei skriv i ein e-post til NRK at dei meiner verksemda tek godt vare på sine tilsette.