Hopp til innhold

Vil freiste ungdom til kokkeyrket

Det er manko på kokkar over heile landet, og fleire stader går ein no nye vegar for å lokke dei unge til yrket. I Førde fekk potensielle kokkeelevar prøve seg på ein firerettars meny.

Det er manko på kokkar i heile landet og dei vidaregåade skulane har få søkjarar.
Denna veka fekk niandeklassingar prøve seg på ein fire-rettars meny, for å sjekke om kokkefaget kunne friste.

TRENG FLEIRE: Det blir færre som vel å utdanne seg til kokk. Slik håpar dei å gjere noko med det. (Foto: Stine Kyrkjebø Johansen).

På skulekjøkkenet på Førde ungdomsskule står elevane som tente lys. Dei skal nemleg få prøve seg på noko litt utanom det vanlege.

I grupper skal dei saman med ein elev som utdannar seg til kokk lage til ein firerettars meny. Slik skal dei få ein smakebit på kva dette yrket går ut på.

– Det er no dei får moglegheita til å sjå kva det dreier seg om. Snart står dei framfor valet, og eg trur det er viktig å få kjenne litt på kroppen kva det dreier seg om, seier Hege Skarvøy som er yrkesfaglærar i restaurant og matfag på Øyrane vidaregåande skule i Førde.

– Det verkar spennande

I fjor var det 250 færre søkjarar til landets restaurant og matfaglinjer enn åra før. At færre vel denne yrkesvegen er noko mellom anna Skarvøy vil endre på. I dag hadde ho teke med seg fleire av sine kokkeelevar på skulebesøk.

– Vi har manko på kokkar generelt i Norge, og når vi ikkje får rekruttert elevar til desse faga, så får vi heller ingen som blir kokkar, servitør, eller bakar og konditor, seier ho.

Elevane som fekk vere med på å lage sin kanskje første firerettars meny, synest opplegget var spennande.

– No får eg ein liten smakebit på korleis det er. Det verkar spennande, seier Maria Ulltang.

Ein av dei andre vedgår at også han har fått litt smaken på kokkeyrket.

– Draumen er jo å bli fotballspelar, men kokk hadde vore gøy det også, seier Magnus Heggestad Skjerven.

Håpar trenden snur

Kvifor det blir færre som søkjer seg til restaurant og matfaglinjene har ikkje Skarvøy noko eintydig svar på.

– Eg trur mange blir påverka av vennar, dei går på det dei gjer. Så har det også vore eit negativt fokus i media, både i forhold til arbeidstid og arbeidspress. Det påverkar nok ungdomen, seier ho.

Samtidig er ho glad for at det også kjem fram positive ting om yrket. Norske kokkar er i vinden og nyleg vann Ørjan Johannesen prisen for beste fiskerett under VM i kokkekunst i Lyon.

– Vi håpar jo at det kan vere med å snu trenden, seier læraren som også er overtydd om at prosjektet med å reise rundt til skulane skal betre rekrutteringa.

– Eg trur det engasjerer, seier ho.

– Det er ein kunst

På ungdomsskulen har ungdomane tatt til seg det dei kan av kunnskap og lærdom på nokre intense timar over grytene. Ein av dei er fast bestemt på at han skal bli nettopp kokk. Han skal bli gourmetkokk, og har visst det lenge.

– Det er veldig interessant, seier Alexander Bremer.

– Eg synest det er ein kunst, og eg trur ikkje alle veit kva det er å vere kokk, seier han.