Vil frede Wittgenstein-huset

Sogn og Fjordane fylkeskommune startar arbeidet med å frede Wittgenstein-huset i Skjolden i Luster, skriv Sogn Avis. Føremålet med fredinga er å bevare arbeidsplassen som Ludwig Wittgenstein hadde i Skjolden. Huset vart nyleg gjenreist på originaltomta.

Wittgenstein-huset på Skjolden
Foto: Sondre Dalaker / NRK