Hopp til innhold

Vil frede Hotel Mundal

I fjor ville han rive hotellet i protest mot eigedomsskatten. No vil hotelleigar Ola Moe frede Hotel Mundal og gi det tradisjonsrike hotellet tilbake mykje av den opphavelege utsjånaden.

Hotel Mundal i Fjærland

ANSIKTSLØFT: Eigaren vil pusse opp fasaden på Hotel Mundal og ta fasaden delvis tilbake til sin opphavelege utsjånad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkeskommunen varsla i dag at dei startar arbeidet med å få freda hotellbygningen og deler av hageanlegget. Initiativet kjem frå investoren og hotelleigaren sjølv, Ola Moe.

– Vi har hatt ein lang og god dialog med eigaren om dette. Det er viktig å finne ein balansegang mellom vernet av bygget og det at det skal kunne drivast som eit hotell, seier Arlen Bidne, rådgjevar i fylkeskommunen.

Leikegrind for engelske lordar

Fredningssaka er heilt i oppstarten, og det vil ta om lag eitt år før dei har eit endeleg vedtak på plass.

Bygningen i drage- og sveitserstil er teikna av Peter Andreas Blix. Hotellet var ein gong den engelske overklassen si leikegrind. No kan Hotel Mundal verte teke tilbake til si fordums prakt. Historia til hotellet går tilbake til 1850-talet då dei første turistane kom for å fiske laks. Då turiststraumen auka, reiste Mikkel Mundal og fleire familiemedlemmar hotellet.

– Freding gir hotellet meir eksklusivt preg

Dei siste åra har dagens eigarar hengt etter med vedlikehaldet, og både bygningen og hagen ber preg av tidas tann. Eigar Ola Moe har planar om å pussa opp hotellet for ein større sum. Til NRK seier Moe at ei freding vil stille visse krav til kva dei for lov til å gjere, men han ser ikkje på det som noko problem. Ei freding vil og utløyse tilskot til oppussingsarbeidet.

Mundal Hotel i Fjærland ca. 1895

TRADISJONSRIKT: Slik såg Hotel Mundal ut rundt 1895.

Foto: K. Knudsen / © Billedsamlingen, UiB

– Bygningen har særprega arkitektur og er ein del av norsk reiselivshistorie. Ei freding vil og gi ein meirverdi og gjere det til eit meir eksklusivt produkt. At staten no ønskjer å frede bygningen ser eg på som ei heidersmerking, seier Moe.

Vil pusse opp fasaden

I første omgang er det snakk om å sikre bygningsmassen slik at det ikkje oppstår skader.

– Det er aktuelt å føre tilbake deler av fasaden som har vore gjennom store endringar dei siste tiåra. Mykje av det arkitektoniske særpreget er blitt borte. Vi kjem nok ikkje til å gjenskape utsjånaden på hotellet fullt ut, men ein del av dei spesielle elementa som blant anna arkene, forklarar Moe.

Rundt 1. november reknar han med å ha klar prislappen på oppussinga, og ikkje minst kva som må gjerast og rekkefølgja arbeidet skal gjerast i. Målet er å vere ferdig med arbeida i løpet av 2020. Hotellet vil halde ope i sommarsesongen, sjølv om det er under oppussing.