Hopp til innhold

Vil framleis satse på vindkraft i Sogn og Fjordane

– At Statkraft ikkje vil bygge ut vindkraft i Midt-Norge får ingen konsekvensar for vindkraftplanane til Zephyr på Guleslettene i Bremanger, seier dagleg leiar Olav Rommetveit.

Guleslettene i Flora og Bremanger

VINDKRAFT: Her på Guleslettene i Bremanger vil Zephyr bygge vindkraftpark.

Foto: Zephyr AS

– Det er overraskande at Statkraft ikkje vil bygge vindparkane i Midt-Norge all den tid dei har brukt enorme ressursar på å få det til, seier Rommetveit.

Vindkraftprosjekta i Midt-Norge var kostnadsrekna til om lag 11 milliardar kroner. Prosjekta er eigde av Statkraft, Agder Energi, TrønderEnergi og Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE). Det er vindparkane Storheia, Kvenndalsfjellet og Roan på Fosen som no blir skrinlagde.

Olav Rommetveit

TRUR PÅ VINDKRAFT: Olav Rommetveit er dagleg leiar i Zephyr.

– Det eine signalet dette gir er at vindkraft er vanskeleg å få til, men på ei anna side så er det 3 terawatt-timar med vindkraft som no ikkje kjem inn i Midt-Noreg, noko som betyr at det er mange grøne sertifikat som blir ledige for andre prosjekt, seier Rommetveit.

Fleire prosjekt

I Sogn og Fjordane er Zephyr involvert i vindkraftprosjekt på Dalsbotnfjellet i Gulen, Vågsvåg i Vågsøy og Guleslettetene i Bremanger som er det største av dei tre.

– Når Statkraft ikkje ser økonomi eit stort prosjekt som det i Midt-Norge, er det då økonomi eit prosjekt som det som de har planar om på Guleslettene?

– Ja, absolutt. Kvar einskilde prosjekt lever sitt eige liv og har sin eigen økonomi. Det er heilt sikkert andre prosjekt i landet som har betre lønsemd enn det Statkraft har hatt i sine prosjekt i Fosen og Snillfjord.

Håpar på byggestart i 2017

I løpet av sommaren skal Zephyr ha ei sluttbefaring saman med Olje- og energidepartementet av den planlagde vindparken på Guleslettene i Bremanger.

– Så håpar vi på ei avklaring frå departementet i løpet av året. Får vi konsesjon, kan vi få gjort detaljprosjekteringa i løpet av 2016, starte bygging i 2017. Og ha ferdig stilling i 2018, det er vel den raskaste tidsplanen vi kan få til.