Hopp til innhold

Vil framleis hogge opp plattformer på land

Det er ingen planar om å søkje om å få hogge opp oljeplattformer i fjorden rundt Lutelandet i Fjaler, sjølv om ein konkurrent har fått løyve til dette.

Lutelandet-kai (2012)

VIL HALDE FRAM: Her vil Lutelandet utvikling at ein framleis skal hogge opp gamle oljeplattformer på land.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Trass sterke protestar frå fiskerinæringa og miljøvernarar sa i går kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, ja til at AF Decom kan hogge opp gamle oljeinstallasjonar i Vatsfjorden i Rogaland.

Tryggare for miljøet

Ottesen

VIL IKKJE SØKJE: Dagleg leiar for Lutelandet utvikling, Stein Arne Ottesen, seier det aldri har vore oppe til diskusjon å søke om løyve til å hogge opp gamle installasjonar i fjorden.

Foto: arkiv / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dagleg leiar for Lutelandet utvikling Stein Arne Ottesen håpar ikkje vedtaket fører til meir opphogging av plattformer i sjøen.

– Vi er av den oppfatning at det er mykje tryggare for miljøet og omgjevnadane at plattformene blir rivne på land, seier Ottesen.

Fram til no har all opphogging måtte skje på land for å unngå ureining i sjøen. Både Fylkesmannen i Rogaland, Fiskeridirektoratet og andre fiskeriinteresser har kjempa hardt for unngå at opphogging av plattformer kan skje i fjorden.

Jacob Hatteland, som er medeigar i Raunes fiskefarm i Vats, meiner arbeidet fører til utslepp av giftig kvikksølv.

– Det som no vil skje er trist for bygda og fjorden. Når vi har sett kva som skjer der ute, så er dette ein trist dag for miljøet, seier han.

Har aldri vore ei problemstilling

Lutelandet er ein av tre stader i Norge som driv med demontering av oljeplattformer, og i løpet av året skal det internasjonale storkonsernet Veolia starte å opphogging av Yme-plattforma. Ottesen seier dei har lagt stor vekt på dette arbeidet ikkje skal føre til konflikt med andre.

– Vi ønskjer ikkje slike konfliktar, og det er grunnen til at vi har lagt stor vekt på miljøsida. Vi trur at oljeselskapa er opptekne av miljøet og at dette skal skje i trygge former, seier han.

Det er dyrare å flytte ein plattform på land enn å demontere den i sjøen, likevel har det så langt ikkje vore aktuelt å søkje om løyve til å flytte aktiviteten til fjorden.

– Det har aldri vore ei problemstilling på Lutelandet. Ein har funne veldig effektive måtar å dra plattformene på land på, men det kostar litt pengar. Samstundes er det mykje enklare og tryggare å jobbe på land. Så eg er usikker på korleis dette vil slå ut, seier Ottesen.