Hopp til innhold

Vil framleis bli bønder

Aldri har det blitt ført ein tøffare politikk mot landbruket. Men framtidas bønder vil likevel ikkje la seg skremme vekk frå draumeyrket.

Per Kristian Stubru Eide og Katrine Lødemel

HÅPFULLE BØNDER: Per Kristian Stubru frå Sandane og Katrine Lødemel frå Hornindal vil framleis satse på bondeyrket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg likar yrket og det er det einaste eg har hatt lyst til. Eg har heile tida tenkt å bli bonde.

Det seier Per Kristian Stubru Eide frå Sandane, som er elev ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Han får raskt støtte frå medelev Katrine Lødemel frå Hornindal.

– Det er jo det vi har drive med, og er oppvaksne med. Sjølvsagt kunne vi blitt mykje anna også, men det landbruk vi har lyst å drive med.

Mot tøffare tider

Dei siste dagane har media vore fylde med rasande bønder som meiner regjeringa er i ferd med å øydelegge norsk landbruk. Dei har aksjonert med traktorkortesjer i rushtrafikken, tømt ut mjølk i gatene og sperra inngangen til eggprodusentar.

– Det er skremmande. Dette kan vere slutten på familiebruka i distrikta, slik som her i Leikanger.

Det seier Bjørn Sølsnæs. Raudruss, avløysar og lokallagsleiar i Leikanger bondelag.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Misnøye med landbruksoppgjeret tek ikkje framtidstrua frå bygdeungdommen.
Me skal møta to russ, - som er hekta på landbruk...

Sjølv er Sølsnes ikkje odelsgut, men har heile livet hatt ein draum om å eigen gard og leve av dei ressursane garden og naturen gir.

– Det er to måtar å få det til på, ler Sølsnes.

– Anten får eg finne meg ei odelsjente, eller spare opp nok pengar til å kjøpe ein gard.

Lukkeleg som liten

Draumen hans er eit vestlandsk småbruk med 8- 12 mjølkekyr og kanskje 50 – 60 sauer.

– Noko større enn det trengst ikkje. Det kan ein leve av i dag, og det bør ein også kunne leve av i framtida. Industrilandbruk er ikkje noko for meg.

Sjølv om regjeringa no seier dei vil legge til rette for større bruk og einingar er ikkje det nok til å skremme dei unge bøndene vekk frå næringa.

Odelsjenta frå Hornindal håpar at også ho skal kunne leve av familiegarden. Heller ikkje ho meiner større einingar er vegen å gå.

– Nei, eg trivest veldig godt der eg er. Viss det blir for stort så får ein ikkje tid til å gå rundt å sjå til alle dyra og følge med på helsa deira på ein god måte.

– Eg kan skjøne at nokre kan få lyst til å gi opp, seier Sølsnes, men eg kjenner det er landbruket som gir livet meining og det eg trivest med. Ein må berre kjempe.