Hopp til innhold

Vil køyre skituristar i trakkemaskin opp på fjellet

Skal det vere lov å bruke trakkemaskin for å køyre turistar høgt til fjells? Det ønskjer Eid kommune og Harpefossen skisenter å få Miljøverndepartementet til å sjå nærare på. Men departementet vil ikkje møte dei.

Ljøsureggja

TIL TOPPS: Ved Harpefossen skisenter ønskjer dei å bruke trakkemaskiner for å frakte skituristar til topps.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Terje Gilleshammer / NRK

Skisenteret og kommunen ønskjer svar på det dei meiner er ei prinsippsak. Fleire stadar tenkjer ein tanken på såkalla catskiing.

Catskiiing vert ofte omtala som ei kanadisk "oppfinning", og det går ut på å bli køyrt ut i skogen eller høgt opp på fjellet med tråkkemaskin, for så å køyre uspora pudder ned att. Namnet kjem av at trakkemaskin rett og slett vert kalla snowcat på engelsk.

Vil tllby meir terreng

Styreleiar ved Harpefossen skisenter, Stein Bjørhovde, har mange planar for korleis ein kan nytte seg av catskiing på skisenteret i Eid kommune.

– Du kan køyre éin trasé opp på Lidavarden og så vidare oppover, pluss at du kan køyre på andre sida for å få meir fjordutsikt ned mot Eidsfjorden, seier styreleiar i Harpefossen skisenter, Stein Bjørhovde.

Han skulle gjerne sett at dei kunne frakte skituristar opp på fjelltoppane.

– For å kunne tilby meir terreng, moglegheiter for frikøyring utan bygging av fleire skitrekk, seier Bjørhovde.

For folk flest betyr dei raude trakkemaskinene nypreparerte løyper og nydelege forhold. No vert dei sette vekk for sommaren.

Men målet er at trakkemaskinene neste år skal kunne ta med seg skituristar opp til fjells.

Har ikkje lov til å ta seg betalt

Paradoksalt nok køyrer dei i dag opp løyper til toppar i området. Men dei har ikkje lov å ta seg betalt for å ta med skikøyrarar på den same turen.

I lag med kommunen har dei bedt om at Miljøverndepartementet ser på denne saka men dagleg leiar John-Willy Kvarsvik seier svaret var kontant nei.

– Regelverket som regulerer motorisert ferdsle i utmark er nok ikkje i første rekkje retta mot den type aktivitet som vi ser for oss. Det vi skal halde på med er ei motorisert ferdsle og transport av folk innanfor faste trasear i eit svært avgrensa område, seier dagleg leiar ved Harpefossen skisenter, John-Willy Kvarsvik.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo seier dei bad om eit møte med departementet men dei vil rett og slett ikkje møte dei.

– Eg tykkjer dette er overraskande, og eg forstår ikkje kvifor ein vel å setje seg så til dei grader på bakbeina når ein faktisk prøver å få til konstruktive og gode løysingar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Lovverket skal ut på høyring

Grunngjevinga til departementet var at lovverket for motorisert ferdsel i utmark no blir sett på og snart skal ut på høyring. Dei vil difor ikkje snakke med enkeltkommunar. Dei ynskjer heller ikkje å la seg intervjue av NRK.

– Det verkar som om det har gått litt prestisje i saka. At ein har valt å vere så firkanta i si tilnærming på at ein ikkje skal tillate meir motorisert ferdsle i utmark at ein ikkje er villig til å sjå på fornuftige løysingar som eg trur eg gode og framtidsretta, seier Bjørlo.

Også ordførar Sven Flo i nabokommunen Stryn seier lovverket og tolkinga av den er eit problem. Han syns det er eit paradoks at ein til dømes i Alpane ta helikopter opp på fjelltoppar langt inne i nasjonalparkar.

– Eg meiner vi er litt for ekstreme når det gjeld dette med vern. Eg er oppteken av at dette er ein skånsam måte å transportere turistar inn i desse fantastiske områda våre, seier Flo, og peikar på at ein korkje får lov til å byggje ut kraft eller gjere andre inngrep.

– Betre enn ny, tung infrastruktur

– Det ligg også ei kommersialisering i dette. Nokon kan tene pengar på dette og skaffe arbeidsplassar noko som er positivt for ein kommune som Stryn, seier Flo.

– Alternativet til å gjere dette er anten å seie at vi ikkje skal utvikle nye reiselivsprodukt i tilknyting til skisentera våre og at vi ikkje skal utnytte dei fantastiske fjellområda våre, eller å byggje tung, ny infrastruktur, seier Bjørlo.

Og siktar til til dømes meir skiheisar inn i urørte område, eller til dømes gondolbane.

– Men det vil jo vere eit mykje større naturinngrep, på alle måtar, seier Bjørlo.