– Det er eit nederlag for heile matkulturen vår

Det arabiske landet Oman skal no få 600 tonn av sauekjøtet nordmenn ikkje vil ha. Det meiner MDG-politikaren er ei skam.

Stein Malkenes saman med sauene sine

SAUEBONDE: Det er ei skam at vi må sende sauekjøt 800 mil av garde til Oman, meiner Stein Malkenes, sauebonde og politikar i Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Stein Malkenes / Privat

– Det er eit nederlag for heile matkulturen vår, og for heile verdikjeda med hausting av naturressursane i utmarka at vi må sende frå oss store mengder sauekjøt, seier Stein Malkenes, som representerer Miljøpartiet Dei Grøne på fylkestinget i Sogn og Fjordane.

69-åringen har sjølv åtte villsauer på ei øy vest for Florø, og kallar forsendingane til Oman «ei skam» og eit bilde på kva som er gått gale i den norske distribueringa av sauekjøt.

Betre marknadsføring ville gjort eksport unødvendig, meiner han.

– Det er nesten ikkje til å tru. Kva er det vi driv på med, spør han.

Det var landbruk24.no som fyrst melde at Nortura vil eksportere 600 tonn sauekjøt til den arabiske halvøya.

Saueslakt ved Nortura Reset

TIL OMAN: Overproduksjon gjer at 600 tonn norsk sauekjøt blir selt på billigsal til Oman.

Foto: Ådne Dyrnesli

– Ikkje eit problem

– Det er eit godt alternativ å eksportere det til kundar som vil ha det norske kvalitetskjøtet, seier Rolf Gjermund Fjeldheim, direktør for bransje og marknad i Nortura.

Men er det ikkje uheldig for miljøet å frakte store mengder norsk kjøt over enorme avstandar?

– Når vi har overproduksjon, meiner vi eksport til Oman er eit godt alternativ, seier Fjeldheim.

Han viser til at det heile tida blir transportert varer og gods rundt om i verda, og at eksport av litt norsk sauekjøt ikkje bør vere eit stort problem.

– Alternativet vil vere at sauekjøtet blir destruert, seier Fjeldheim.

Rolf Gjermund Fjeldheim

AVVISER KRITIKK: Det er ingen grunn til å kritisere at vi sel sauekjøt til Oman. Skal vi heller kaste kjøtet, spør Rolf Gjermund Fjeldheim, direktør for bransje og marknad i Nortura.

Foto: Nortura

– «Nødvendig onde»

Styreleiar i bransjeorganisasjonen Norsk sau og geit, Kjell Erik Berntsen, meiner det er eit «nødvendig onde» at ein no må eksportere sauekjøt til Oman.

– Eg forstår at folk reagerer negativ på eksporten, men vi må gjere det for å få kontroll på marknaden, seier han.

Berntsen meiner den samla produksjonen av sau og lam må ned for å få marknaden i balanse.

– Då vil ein sleppe eksport og prisane vil gå opp.