NRK Meny
Normal

Vil fortelje historia til nordfjordbåten

Nordfjord Folkemuseet fyller no bygget med gamle båtar. Museet vil med si nye utstilling sette fokus på historia til nordfjordbåten.

Ingrid Berger

BÅTBYGGING: Syner fram detaljar frå ein nesten 1000-årig båtbyggartradisjon i Nordfjord.

Foto: Eva Marie Felde/Nordfjord Folkemuseum

Båten som vart brukt til å skysse presten Claus Frimann rundt om for kring 200 år sidan er berre ein av fleire båtar som publikum kan få oppleve i museet si nye utstilling.

–Vi lagar denne utstillinga fordi nordfjordbåten og byggetradisjonen er i ferd med å verte borte, seier konservator ved Nordfjord Folkemuseum, Ingrid Berger.

Saman med kollegaene på Nordfjord Folkemuseum har ho siste tida sett nærare på kva som kjenneteiknar nordfjordbåten og granska kjelder som fortel om det som nærast kan kallast ein båtbyggjarindustri på sørsida av Gloppefjorden.

1000-årig tradisjon

– Det er spesielt i norsk samanheng at vi har ein nesten 1000 år lang tradisjon med bygging av båtar i Nordfjord, seier avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.

Ingrid Berger

KJENNETEIKN: – Eit av særtrekka til Nordfjordbåten er at det øvste bordet, ripa, går i ein spiss ut mot endane, seier Ingrid Berger som er konservator ved Nordfjord Folkemuseum.

Foto: Eva Marie Felde/Nordfjord Folkemuseum

I Gloppen var det mange gardbrukarar som hadde båtbygging som ei attåtnæring. Frå 1851 til 1855 vart det bygd 600 båtar og 23 skuter i Gloppen, noko som er 70 % meir enn i Stryn, Innvik, Ålfoten og eit par andre bygder til saman. På utstillinga denne gongen har dei fått plass til seks båtar.

– Vi har to som står inne på sjølve utstillinga og så har vi sett dei andre ute på låven på friluftsmuseet, for det er ikkje alle bygga som er store nok til å huse båtane, seier Moe.

I samband med utstillinga blir det også halde eit eige nordfjordbåtseminar i samarbeid med Nordfjordbåtlaget. Her kjem ekspertar frå nær og fjern for å snakke om lokale båtbyggjartradisjonar andre stader, om båten som gardsreiskap.

– Og så blir det debatt om korleis vi skal ta vare på nordfjordbåten i framtida. Før hadde dei fleste langs kysten båt. I dag lever vi i ei anna tid og skal vi klare å ta vare på denne båtbyggartradisjonen i vår moderne tid så må det settast inn tiltak, seier Moe.

Midtvestlandsbåt

– Å skildre særtrekka ved nordfjordbåten let seg ikkje gjere i ei setning eller to. Det handlar om kombinasjon av form og utsjånad, men også om den allsidige bruken, dei historiske linjene og om båtbyggjarane og kva verktøy dei brukte, seier konservator ved Nordfjord Folkemuseum, Ingrid Berger.

Nordfjordbåten føyer seg inn ein byggestil som ein finn på midtvestlandet. Dermed kan ein finn slektstrekk med båtar frå Bergen, Nordhordland, Sogn og Sunnfjord. Men Nordfjordbåten har også sine heilt spesielle særtrekk.

– No er ikkje eg båtbyggar, men etter det eg har lese med til og fått fortalt, så har nordfjordbåten eigne særtrekk når det kjem til blant anna ripe og keipar, seier Berger.

Utstillinga vier også plass til dei mange båtbyggjarane som gjennom tidene har levert båtar av høg kvalitet langs store delar av vestlandskysten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.