Hopp til innhold

Vil forby plastposar i norske butikkar

Naturvernforbundet meiner det hastar å få på plass eit plastforbod.

Plastposer

SLUTT: Dersom Naturverforbundet får det slik dei vil, er det snart slutt på slike posar i norske butikkar.

Foto: Knut-Martin Løken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Plastposar er veldig skadeleg for naturen. Både som heile posar og når dei blir delt opp til mikroplast som vi veit at ein mengde dyr tek skade av, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Han trur mange fekk sjokk av bilda av kvalen som for to veker sidan døydde med 30 plastposar i magen. Og at denne alvorlege vekkaren har fått auga opp hjå folk, slik at styresmaktene må seie at nok er nok.

– Vi veit at fisk et mikroplast og døyr i staden for å leve av å ete. Plastproblemet er enormt trugande for livet på jorda, seier Solheim.

Gode alternativ

No ønskjer Naturvernforbundet å forby både plastposar og plastbestikk frå norske butikkar.

Erik Solheim

VIL HA FORBOD: Erik Solheim i Naturvernforbundet meiner det hastar med å få på plass ei forbod mot plastposar i norske butikkar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi vil appellere til regjering og storting om at dette må gjennomførast.

– Det finst gode alternativ. Eit forbod mot plast kan kome raskt, og det er alt på plass i mange land. Også i amerikanske statar.

Frankrike innførte forbod mot plastposar i butikkar i 2016. Denne veka vart det kjent at dei lokale styresmaktene i New York innfører avgift på plastposar.

I ein rapport frå 2008 konkluderte Statens forureiningstilsyn med at plastposar var eit lite miljøproblem i Norge.

Det er Solheim ueinig i.

– Problemet er at plast aldri blir brote heilt ned. Det er eit evigvarande problem og dessutan blir den laga av ei fossil kjelde som ikkje er berekraftig i lengda.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

MAGEN FULL AV PLAST: Det blei funne 30 plastposar i magesekken til gåsenebbkvalen som stranda utanfor Sotra i slutten av januar.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Vil det beste

På Coop Mega i Førde i Sogn og Fjordane har dagleg leiar Rakel Sunde merka at folk har reagert på kvalen som døydde med magen full av plast.

– Siste veka har vi selt fleire miljønett enn vanleg. Viss det blir funne opp ein pose i eit anna materiale enn plast, er vi positive til det. Vi vil det beste for miljøet, seier Sunde.

Solheim meiner ein fort vil sjå mindre plast i naturen med eit forbod, og at ein vil sjå færre skadar på dyr som følgje av plast.

– Berenett som kan nyttast mange gonger er eit godt alternativ. Vi har mange andre stoff enn plast tilgjengeleg.

Naturvernforbundet ber om forbod mot plastposar og meiner endringa bør og kan skje fort.

SJÅ VIDEO: Sjå saka i Dagsrevyen.