Hopp til innhold

Vil følgje nøye med når asylsøkjarar får avslag på opphaldsløyve

Dei tilsette ved Jølster mottakssenter vil i tida framover følgje ekstra nøye med på asylsøkjarar som får avslag på opphaldsløyve.

Jølster Hotell

PREGA: Også bebuarane på asylmottaket i Jølster er prega etter dødsbrannen i Førde sist veke.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ei 24 år gamal kvinne og sonen hennar døydde etter ein brann i eit bustadhus tilknytt asylmottaket i Førde sist måndag.

Kvinna som har vore i Norge sidan 2006 skal kort tid før brannen ha fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, og politiet meiner det var kvinna sjølv som starta brannen i Mølletunet.

– Vanskeleg kvardag

Den tragiske hendinga pregar dei andre asylsøkjarane i Førde. Også på mottaket i nabokommunen Jølster er bebuarane opptekne av det som har skjedd.

Mottaksleiar Grete Apelseth seier til avisa Firda at dei har hatt informasjonsmøte på ulike språk der dei har svart på spørsmål og bede folk ta vare på kvarandre. Apeselth seier dei som må vente lenge på svar om opphaldsløyve har ein vanskeleg kvardag.

– Det er vanskeleg for folk å ha ein kvardag der dei skal gå og vente år etter år, og så endar det opp med eit avslag. Når du sit der utan arbeidsløyve og noko å ta deg til, så skapar det avmakt og gjer deg mindre i stand til å takle det negative avslaget som du eventuelt måtte få, seier Apelseth til Firda.

Vil følgje bebuarane tett

Etter dødsbrannen i Førde vil mottaket no følgje ekstra godt med når bebuarar ved mottaket får avslag. Spesielt i tilfelle der bebuarane også har born.

– 77 menneske bur i same hus her på Vassenden og skulle det oppstå ein liknande situasjon som på Mølletunet, så kan mange bli råka, seier mottaksleiaren til Firda.