Hopp til innhold

Vil følgje i Vik sine fotspor

Sogn og Fjordane kan få sitt andre rulleskianlegg.

Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL.

Markane IL i Stryn har planar om eit rulleskianlegg til 4,7 millionar kroner.

Foto: Stig Høynes

Markane Idrettslag vil bygge rulleskianlegg på Ulsheim i Stryn. Anlegget skal vere for alle, frå funksjonshemma til utøvarar på elitenivå.

- Vi trur at alle slike tiltak er av betydning, og vi ynskjer å behalde idrettsungdomen vår i bygda så lenge som mogeleg. Difor har vi eit nært samarbeid med skilinja ved Stryn vidaregåande, seier leiar Eldbjørg Hatledal.

4,7 millionar

Anlegget har ein prislapp på vel 4,7 millionar kroner, og idrettslaget har søkt fylkeskommunen om ein million kroner i ekstraordinært tilskot. Hatledal seier at eit slikt anlegg gir utøvarane trygge treningstilhøve.

- Du har sikkert sjølv møtt rulleskigåarar på trafikkert veg. Små løparar på rulleski og ein diger trailer, eller annan trafikk for den del, er livsfarleg. Vi kan ikkje sitje å sjå på lenger at våre løparar skal trene under slike forhold, seier ho.

- For få anlegg

Asbjørn Hønsi er prosjektleiar for Vik skisenter, der dei 21. oktober 2007 opna ei splitter ny rulleskiløype til 28 millionar kroner. Rulleskiløypa var den første på Vestlandet. I fjor sommar arrangerte Vik sommar-NM i skiskyting .

Hønsi er veldig positiv, ikkje minst med tanke på trafikktryggleiken, til at planane i Nordfjord. Han trur ikkje at anlegga vil kome i konkurranse.

- Nei, eigentleg ikkje. Eg trur det er for få rulleskianlegg i Norge, og eg trur at skisporten generelt tener på å ha fleire anlegg, seier han.